Filmdagbok
ness
25-mar-2007

Animal Factory (2000)

Animal FactoryUser Rating: 6.6/10 (3,327 votes)

Steve Buscemi dukkar opp på Kosmorama i slutten av april, og i den forbindelsen fann eg det interessant å sjå på kva mannen har regissert forutan «Lonesome Jim» som eg såg i fjor.

«Animal Factory» er ein fengselsfilm. Det vil vere feil å sei det er ein koseleg fengselsfilm, men det er ikkje det verste fengselet eg har sett. Både vakter og innsatte virka litt meir slack enn vanleg.

Sjølvsagt har denne filmen sin dose med drap og valdteksforsøk, det er ikkje til å komme unna at det er bad guys i eit fengsel. Willem Dafoe spelar gudfar med annerkjent clique, har kontaktar overalt i fengselet, og ein mann av respekt kort sagt. I ei posisjon der han kan gjere som han vil tek han unge, nyinnsatte Ron (Edward Furlong) under vingene sine.

Me følger desse to gjennom ganske vanlege fengselsrutinar, der ingenting blir forsøkt overdramatisert. Balansen i filmen er det som gjer dette til ein fin og forholdsvis roleg film, og forholdet mellom desse to blir godt utdjupa. Her er det ikkje snakk om eit homofilt forhold, meir som far og son.

Willem Dafoe viser nok ein gong klasse, Steve Buscemi dukkar opp i ei lita rolle for å vise seg, og Danny Trejo er tilstades som inmate. Skodespelarane er på plass! Filmen kjem ikkje til å toppe nokon lister av meg, sjølv om den er god.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
Nils har sagt:

Så denne på BIFF i år 2000. Det jeg husker er en fantastisk rolle av Mickey Rourke. Det var dette som Burde vært comebacket hans, drit i Sin City.