Robot Chicken sesong 1
20 episodar.
«Robot Chicken» er ein stop-motion tv-serie med 10-11 minuttar lange episodar, laga av Seth Green og Matthew Greinrich for Cartoon Networks Adult Swim, med hjelp av eit omfattande animasjonsteam.
Stop-motion er tidkrevande arbeid, noko som kjem godt fram i den 15 minuttar lange behind the scenes dokumentaren som følger med 1 sesong. Den amatøraktige stilen «Robot Chicken» køyrer er planlagt og produsert nøye gjennom mange steg.
Så, kva er «Robot Chicken» eigentleg? Gamle superheltikon, teikneseriekarakterar og i blant modellerte kjendisar frå amerikansk populærkultur i absurde småanimasjonar som med vilje prøver å gå over streken på det som er akseptert.
Noko av det viktigaste er støtten serien får av portretterte modellar. Sarah Michelle Gellar og Burt Reynolds er to av mange. Dette gir serien ein ekstra dimensjon. Seth Green, kjent frå bl.a. «Austin Powers» og «Buffy the Vampire Slayer», har eit nettverk det ikkje skal stå på.
Fordelen med desse korte episodane, som består av eit mangfald enkeltsketsjar kvar, er den augeblikkelege humoren. 10 minuttar passar inn overalt, og er det ein sketsj som ikkje er morosam, så kjem den neste svært raskt.
