Filmdagbok
ness
26-mar-2007

TMNT (2007)

Teenage Mutant Ninja Turtles 2007User Rating: 7.2/10 (2,109 votes)

Skilpaddene frå 80- og 90-talet er tilbake, no i 3D-animert form. Personleg har eg aldri hatt noko forhold til verken filmane, teikneserie eller tv-serie frå tidlegare, og fekk soleis vurdert korleis dette fungerte for ferskingar.

Leonardo har vore bortsendt på «leiarkurs» medan dei andre har hatt vanlege (og dårlege?!) jobbar. Når Leo kjem tilbake tek det ikkje lang tid før det blir fart i byen og gjengen må stå samla mot monster og steinsoldatar. Introduksjonen er effektiv og ein kjem fort inn i historia rundt Turtles, og fort nok inn i filmen si kjerne.

Med sine 75 minuttar er denne filmen perfekt i lengde, proppa med spenning i nydeleg animert drakt og historie som ikkje prøver å gå rundt grauten. Animasjonen ligg nær teikneserie i stil og er heller ikkje teknisk briljant, dog nokre effektar imponerar. Dialogen, som står i stil med filmen og handlinga, er ikkje meint for den mest kresne.

Eg blir glad når det dukka opp alternativ animasjonsfilm til den vante dyrehagegreia som stadig rullar over skjermane, og hoppa altså fort over «TMNT». Den raske beslutninga lønna seg nok, for sjølv om filmen tydeleg er retta mot dei litt yngre, så er dette fart og spenning som den ungdommelege vaksne kan ha glede av.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10