Halloween (1978)
User Rating: 7.8/10 (29,158 votes)
«Halloween» er blitt eit ikon innan grøssarsjangeren etter den kom ut og gjorde stor suksess i 1978. Med eit budsjett på knappe 325,000 amerikanske dollar skapte John Carpenter ein film som ikkje berre tente inn 47 millionar dollars (box office), men som óg har blitt inspirasjon for ei lang rekke slasherfilmar i ettertid.
Mange idear til filmen kjem frå Alfred Hitchcocks «Psycho». Både med tanke på måten Michael Myers blir framstilt som voyeur i kamerabruken, uvissheita rundt det som faktisk skjer (mykje er overlate til fantasien her) og den minimalistiske bruken av blod og gørr. Det reddar filmen i mine auge.
Michael Myers, drapsmannen her, rømmer frå eit sinnsjukehus. I tankane sine har han berre ein ting: drap. Eller har han meir? Det er ikkje lett å forstå motivet til maskemannen, nok ein del av filmen som blir overlate til fantasien. Laurie (Jamie Lee Curtis) er den uskuldige barnevakta som hamnar i radaren til Myers.
Musikksporet som med hard pianoklimpring trykker på nervane gjennom heile filmen er med på å skape ei småekkel stemning som eg sakna i nyare grøssarar (frå statane), likevel om det er svært lite som skjer før slutten nærmar seg.
Eg har med dette prøvd å danne eit grovt bilde av kva slags type film dette er, og kva som kan forventast. Det er ein likandes film, sjølv om den ikkje når opp til John Carpenters «The Thing», om ein så skulle velge. «Halloween» er óg eit absolutt must som referansefilm til seinare slasherfilmar.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
