Aurora Borealis (2005)
User Rating: 7.2/10 (169 votes)
«Aurora Borealis» er eit rett fram senimentalt romantisk drama som med si overhengande tristheit siktar mot kjensleapparatet.
I hovudrolla som delvis mislykka 25-åring busett i Minneapolis har me Joshua Jackson, som etter seks sesongar med «Dawson’s Creek» har satsa på film. Fyren er ikkje den beste skodespelaren, men går godt inn i rolla her. Dei som har sett «Dawson’s Creek» vil kjenne igjen rollefiguren med ein gong. For dei som ikkje har, så er Jaksons Duncan ein halvveges useriøs fyr med stort hjarte.
Donald Sutherland er filmen sitt sterke ess. I rolla som Parkinsonsramma og delvis demente bestefaren av Duncan briljerar han, og serverar sterke og ekte scener om korleis det faktisk er å bli gammal.
Sjølve historia er ingenting å hoppe i taket for når det kjem til originalitet. Forventingane til det var ikkje tilstades heller, så lenge det var godt og kjensleladd drama så har traff eg rett. Aurora Borealis når ikkje toppen i kategorien sin, sant må seiast, men kjem greit nok ut av det.
Til slutt må eg berre åtvare dei som vil unngå ein film med klisjear i A4-format, her er det nok av dei. Men alt slikt i ein film, når ein forventa det, kan gjere nytten i blant.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
