Filmdagbok
ness
30-mar-2007

Special (2006)

SpecialUser Rating: 7.0/10 (252 votes)

I blant dukkar det opp filmar ein har oversett når dei kom ut, «Special» frå 2006 var ein slik for meg. Men når eg endeleg høyrte om den passa alle bitane i forhold til det eg i dette augeblikk kan kalle min favorittype film.

Michael Rapaport er langt i frå ny som skodespelar, men har oftast dukka opp i birollar tidlegare, eg kan iallfall ikkje hugse å ha sett han som hovudrolleinnhavar tidlegare, men så har han eit langt resyme med for meg usette filmar. I rolla som parkeringsvakta Les, viss liv kan seiast å vere upåklageleg og rimeleg bra, viser han utan tvil at han er ein solid (og kanskje oversett?) talentfull mann.

Les har altså ingenting å klage på, men føler ei trang til å gjere noko meir ut av livet sitt. Han meld seg som frivillig til testing av ei form for lykkepille, noko som endar opp med at hans elles friske sinn byrjar å forme tankar om at han innhar superkrefter.

Det høyres kanskje morosamt ut, og ei stund er det vel morosamt, dog meir på ein tragikomisk måte enn hysterisk. «Special» legg meir opp til reflektering enn underhaldning, og har eit sterkt lydspor som iallfall sette meg i rett modus. Dette gjekk innpå meg, og alle forventingar om kva eg håpte «Special» skulle vere gjekk i oppfylling.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10