Seinfeld sesong 7
24 episodar.
George forlovar seg, Kramer blir om mogleg endå meir sprø, Elaine skiftar tidvis hårsveis og Jerry, Jerry er seg sjølv meir enn normalt.
«Seinfeld» har aldri vore kjent for å vere det mest realistiske av tv-seriar, med sine overdrevne, tilfeldige, samanfletta plotlines. Likevel kan ein, samanlikna med tidlege sesongar, sjå at alt blir satt endå meir spissen utover. For sjåaren si store glede!
Det tok tre-fire episodar å komme i gong nok til å verkeleg få utbytte av serien igjen. Når det skjedde var sjuande sesong vel så bra som dei førre, med litt større fokus på gjennomgåande plotlines, som blant anna forlovelsen til George.
Vitsane her blir sittande i hjernebarken, for i ettertida å dukka opp igjen når tankane står på standby. Slik sett har eg hatt veldig stor glede av «Seinfeld», “problemet” er at ikkje alle andre har sett alle episodane.
Mange av vitsane baserar seg naturleg nok på det etablerte persongalleriet i serien, og om ein ikkje har det faste forholdet til dette som folk med sesongboksane, så seier det seg sjølv at enkle vitsar ikkje alltid blir morosame, og soleis umogleg å gjenfortelje.
Sesong åtte kjem til sommaren og er den nest siste i rekka, eg gledar meg!
