Las Vegas sesong 4

17 episodar.

Las Vegas sesong 4«Las Vegas» er den type tv-serie som legg mest vekt på enkeltepisodar, og berre små trådar strekk seg gjennom fleire. I forhold til seriar som «Lost» og «Prison Break» er det eit enkelt opplegg, som i grunn kan vere ei god avveksling.

Etter fire sesongar med folk som prøver å jukse, kjente namn på gjestelista, forsøk på ran og dramatiske skyteepisodar i ny og ne, har serien har nådd toppen for lengst. Det er fleire teikn på dette, som at fjerde sesong var seks episodar kortare enn vanleg. James Caan og mindre viktige Nikki Cox forlet snart staben og vil nok gi seg tidleg i sesong fem.

For det blir ein femte sesong, eg har ikkje trua på at det er meir å hente, sjølv om sesongavslutninga her var mildt sagt eksplosiv og ein veldig spennande episode. For med Caan ute av bilde er serien over i hendene på den middels skodespelarstaben han var med å trekke opp på eit akseptabelt nivå.

Dette blei eit urettferdig fordelt innlegg, for sjølv om sesongen er kortare, det nærmar seg ei avrunding, lite nytt skjer, så er det «Las Vegas» som det alltid har vore. Tiden vil vise om neste sesong blir ein fiasko. Eg reknar med eg kjem til å sjå den uansett kva eg seier no.

The Thing from Another World (1951)

IMDb: 7.4/10 (4,136 votes)

The Thing from Another WorldHadde eg visst om denne filmen før eg skreiv om John Carpenters «The Thing» forrige helg, så hadde eg satsa på ei samanlikning. Sidan det ikkje blei slik, er dette hovudsakleg eit sjølvstendig skribleri om filmen.

Ei gruppe soldatar med kaptein Hendry (Kenneth Tobey) i spissen reiser til Nordpolen for Ã¥ etterforske eit mogleg flykrasj. «Flyet» viser seg Ã¥ vere ein flygande tallerken, og eit nedfrose romvesen blir funne like ved.

«The Thing from Another World» er mykje snakking og lite action. Det er intellekt mot musklar, sjølv om mennene med doktortitlar her ser ut til å vere blåst for menneskeleg intelligens. Romvesenet kjem til live som forventa, og skal visstnok vere veldig farleg og smart, men oppfører seg som ein tilbakeståande zombie.

Det er dei små tinga som gjer dette til ein grei film, mykje takka vere perioden filmen blei laga i. Skepsismen til russarane er forventa, og kvinnesynet er sjølvsagt diskuterbart. Dei dårlege vitsane har blitt morosame igjen, og filmen er gjennomsyra med amerikanske moral, samt støtte ovafor militære.

At filmen brukar lang tid på å bygge seg opp til noko som i mine auger ikkje er særleg med dramatikk, er den fremste svakheita. Mykje av dialogen består av teknisk babbel som går meg hus forbi, så når dialogen skal vere det viktige i filmen blir det difor lite igjen.

5/10

The Return of the Living Dead (1985)

IMDb: 7.1/10 (11,531 votes)

Return of the Living DeadBraaaaaains!! «Return of the Living Dead» er ein blodig og møkkete affære der dei levande gjennoppstår og begynnar å jakte på fersk hjerne. Nokre kjemikaliar som stammar frå militære forsking er årsaka til bråket som ikkje er så lett å stoppe. Desse zombiane er ikkje som zombiar på film flest, dei bryr seg ikkje om eit skot i hjernen eller høgg i hjarte. Dessutan er dei raske og smarte. Dette gjer at eg som sjåar ikkje irriterar meg over idiotisk oppførsel blant menneska i gruppa i fare som me møter. Vel, nokon av dei er idiotar, men å stå i mot zombiane her er ikkje lett for normalt smarte heller. Det som gjer «Return of the Living Dead» morosam er zombiane som ikkje let seg stoppe, dette fører til mange grusomme og blodige, gjerne over kanten, episodar. Etter kvart blir det derimot litt for mykje skrik og skrål. I lengda held det ikkje heilt mål. Filmen stagnerar og ein veit at det eigentleg ikkje kan skje så mykje meir enn å bli pøsa på med fleire zombiar.

6/10

Paura nella città dei morti viventi (1980)

IMDb: 6.2/10 (3,749 votes)

City of the Living Dead«City of the Living Dead» er Lucio Fulci sitt bidrag i samleposten. Den er ikkje av dei mest typiske zombiefilmane, men spelar meir på ei overnaturleg kraft som utløysaren til dei dødes tilbakekomst. Alt startar med at ein prest tek livet av seg for å få dette til å skje. Ei gruppe åndelege venner i ein by lengre borte merkar konsekvensane av dette, og parallellt med prestens heimby byrjar ei etterforsking på kva som er i gjære. «City of the Living Dead» leverar mengder av grafisk vald på grusomt vis, og har nok mystikken på plass. Då er det synd at skodespelarane her leverar slett arbeid som tydeleg påverka heilheitsinntrykket. Musikken, som tatt frå ein «MacGyver»-episode glimtar til i blant med om ikkje direkte gode, så iallfall morosame trudeluttar.

5/10

Night of the Living Dead (1968)

IMDb: 8.0/10 (33,760 votes)

Night of the Living Dead«Night of the Living Dead» (George A. Romero) er den første den første i regissøren si rekke av «of the * dead» titlar. Med eit estimert budsjett på $114.000, som er lite, men på ei anna side mykje til å vere debutfilm, laga Romero eit svart/kvitt zombieepos i kjent form. Opp av nærast ingenting flaumar levande døde og me blir vitne til at ei gruppe motstridande personar må søke ly i eit forlatt hus for å overleve. I ventinga på hjelp pressar stadig kjøtetarane på døra og dumme val blir teke for å provosere og engasjere sjåaren på typisk vis. Ein føler seg ganske smart når ein ser kor dumme alle andre er. «Night of the Living Dead» føles litt billig på enkelte punkt, men gjer utruleg mykje ut av det den har. Dautida midt inni filmen er ikkje til å komme utanom, men stort sett er dette god film.

6/10

Groundhog Day (1993)

IMDb: 8.0/10 (67,510 votes)

Groundhog DayDen sjølvgode vêrmannen Phil må for fjerde år på rad reise til møkkabyen Punxsutawney, for å rapportere for tv-programmet han er ein del av. Groundhog day som den lokale festiviteten Phil (Bill Murray) skal dekke heiter, er eit konsept der eit svært ekorn skal fortelje om vinteren er over eller vil vare lengre. Ganske snåle greier altså, men visstnok vanleg i enkelte amerikanske og kanadiske byar.

Dagen gÃ¥r, Phil kjem seg ikkje heim utpÃ¥ kvelden pÃ¥ grunn av ein uventande snøstorm, og mÃ¥ overnatte nok ei natt der. Neste morgon vaknar han, og det viser seg at den nye dagen faktisk er gÃ¥rsdagen. Slik fortset dag etter dag, eit reint mareritt for Phil som hatar Punxs…

Etter kvart gjer han seg sjølvsagt nytte av det han opplever denne dagen, for at den neste, same dagen skal gå lettare for hans eigen del.

Før eg skjønte at dette handla om deja vu (eg hadde ikkje lese om filmen på forhånd), så var eg skeptisk til kor dette bar. Eg blei derimot gledeleg overraska når filmen tok ei surrealistisk vending, før eg så bleiskeptisk igjen. No til korleis resten av filmen skulle klare å bygge på Phil si stadige oppleving av groundhog day. Men Phil viste seg å vere ein fleksibel karakter, og historia serverte nye vendingar stadig vekk.

Det er variasjonen i filmen som gjer den likandes. At den i visse deler torer å ta avstand frå den romantiske biten mellom Phil og kollega/produsent Rita (Andie MacDowell) er óg bra. Solid film altså, som óg serverar god komikk.

7/10

Breakfast at Tiffany’s (1961)

IMDb: 7.8/10 (18,613 votes)

Breakfast at TiffanysI «Breakfast at Tiffany’s», min første sette film med Audrey Hepburn, spelar dama den søte og sjarmerande Holly Golightly. Ei modelldame eller noko liknande pÃ¥ stadig jakt etter ein rik, gifteklar mann.

Inn i leiligheitskomplekset til Miss Golightly flyttar forfattar og mannleg prostituerte Paul Varjek, som etter kvart går under namnet Fred. Holly og Fred blir fort venner, men det blir tydeleg at Fred etter kvart ønskar meir enn vennskap. For ikkje å verke for puslete i formuleringane her så legg eg til på elegant vis at Fred får jævla lyst på Holly.

«Breakfast at Tiffany’s» er ein lang film. Lenge kunne eg ikkje forstÃ¥ at den kunne ha noko Ã¥ gjere blant høgt annarkjente filmar. Her var ikkje meir enn lange, støyande eller kjedelege sekvensar etter kvarandre. Audrey Hepburn klarte Ã¥ halde meg fast, men det var liksom det.

SÃ¥ byrja filmen smÃ¥tt Ã¥ finne form. Holly kjem tydelegare fram som teasen ho er ovafor den patetiske pingla Fred. At dette kom pÃ¥ bana gjorde at eg fekk noko i filmen Ã¥ gripe tak i, nok til at den rodde seg i land. Eg har ingenting i mot ein romantisk komedie, dei eldre mainstreamfilmane innan sjangeren har gjerne ein litt anna stil som gjer det til ei fin forandring. Men «Breakfast at Tiffany’s» ber i starten for mykje preg av Ã¥ vere ein eldre filmen med utruleg tørr sosietetshumor.

No har eg gjenteke det eg mislikar med filmen eit par gonger, fått fram at det er den andre timen som er god her. Filmen blir ein heilt grei film sett i heilheit, så eg skriv veldig snart punktum for no. Til slutt må eg berre nemne at filmmusikken ikkje var den dummast her, og gjorde eit par scener til gode filmopplevelsar.

6/10

Bobby (2006)

IMDb: 7.0/10 (3,451 votes)

BobbyThe Ambassador Hotel, Los Angeles, California. Dette er utgongspunktet for ein film som tek for seg ulike personar sin dag, ein da som leiar opp til drapet på presidentkandidat Robert «Bobby» Kennedy.

Det er like greitt å starte ved starten, sett frå mitt synspunkt. Første gong eg verkeleg fekk augo opp for kva film «Bobby» kunne vere, var som trailer før «Rocky Balboa» på kino. Opp til då hadde eg verken fått med meg handling eller noko anna reletert til filmen. Det som gjorde «Bobby» spesiell då var alle dei kjente ansikta, og ikkje minst stemninga traileren gav.

Så har det gått tre månader og eg har no fått sett filmen. Emilio Estevez tok på seg ein svær jobb når han skulle fortelje eit drøss med småhistoriar relatert til hotellet. Han mislykkast i jobben. Ingen av personane i filmen får nok tid på skjermen til at eg klarar å bry meg. Altfor mange interessante skodespelarar får gjort for lite ut av seg, og virka på meg å vere der for å selge filmen. Atmosfæra som blir forsøkt skapt på hotellet, den merkast ikkje.

All den avstanden blir kjedeleg etter kvart, og gjer at slutten av filmen aldri blir meir enn laaange minuttar med tomme bilde i loop. Hadde det ikkje vore for den doble koppen med kaffi eg koste meg med så hadde eg nok sovna her.

Delen av filmen som faktisk trekk den litt opp igjen er faktadelen, altså radio- og tv-talane av Kennedy sjølv. I overkant vinkla som om Bobby var ein helgen, men likevel interessant. Hadde eg derimot vore på jakt etter fakta ville eg sett ein dokumentarfilm.

4/10

Iversen om Highlander

(IMDb)

(Ness:) Espen, mannen bak Iversen Revisited opnar med den første gjestemeldinga i Filmdagbok si historie. Ein kategori som ein gong i blant vil få påfyllt med andre folk sine skribleri om film. Her har du «Highlander» frå 1986.

HighlanderDet finnes filmer som bare ikke sitter som de burde. NÃ¥r regissøren gjør de gale grepene, nÃ¥r kameramannen har snorta ei stripe for mye eller nÃ¥r skuespillerne bare ikke passer inn. Kanskje er de ikke bare feilcastet, men talentløse — da er selvsagt skaden enda større. At en og annen bit av puslespillet ikke passer saman med de andre skjer relativt ofte. Vi overlever jo det. Alle filmer har forsonende trekk, kanskje utenom «Superman Returns».

Men en gang hvert femte skuddår hender det at en film som burde vært knall rett og slett blir voldtatt i så mange ledd at det ikke engang er moro lengre. En fin idé, plukket opp av de gale folka, upassende castet og adaptert til storskjermen uten den rette fngerspitzgefühl.

«Highlander» er en slik film.

La oss først bli ferdig med de positive sidene. Sean Connery, dere. Hæ? Sean Connery! Herlig mann. Stor skuespiller og morosam rollefigur. Utrolig lite troverdig forhistorie (Egypter my ass, 2000 år før Kristus tviler jeg på at du fikk kalle deg egypter om du skulle finne på å være like bleik i huden som Sean (Ok, i all rettferdighets navn: Han har brukt en del brunkrem for rollen)), men han er jo like forbanna kul okke som. Og det var vel igrunn det (Nei, filmmusikknerder, jeg syns ikke Queens musikk er noe tøff, og i hvertfall ikke i den forbanna «bli gammel på den skotske landsbygda scenen»).

Highlander scene

Christopher Lambert er ingen stor skuespiller. Om en film skal lages om en skotte er det ikke noe drawback om vedkommende som skal spille hovedrollen kan snakke med skotsk aksent, spør du meg, men Chris er åpenbart ueinig. Mel Gibson i «Braveheart» høres direkte troverdig ut i forhold, og det er jo ingen god attest. Ikke kan han slåss med sverd heller, noe som er ganske spesielt all den tid han skal ha overlevd i nesten 500 år på sine ferdigheter med stålet. Det er visst ikke noe krav om snøring for å bli udødelig. Heldigvis for Lambert er fyren i skurkerollen enda dårligere med sitt gigantsverd. Ikke kan han spille skue heller, men det er nok like greit. Regien, kameraarbeidet og omtrent alle skuespillerprestasjoner jeg ikke orker å nevne står dessverre i stil. Og det gjør litt vondt innerst inne, jeg må innrømme det. En annen ting som gjør vondt innerst inne (i ørene) er lydsporet til Michael Kamen.

For pokkern heller, folkens — i utgangspunktet var jo dette en beintøff idé Ã¥ koke film pÃ¥!

Red Eye (2005)

IMDb: 6.6/10 (20,982 votes)

Red Eye«Red Eye er Wes Craven sitt siste bidrag til filmverdenen som regissør hittil, sett bort frÃ¥ eit lite segment av «Paris, je t’aime. Med yndige Rachel McAdams i hovudrolla mÃ¥tte filmen klare Ã¥ bli grei nok.

McAdams spelar dagleg leiar på eit Miami-hotell, som på flyet heim frå ei gravferd i Texas, møter ein sjarmerande herremann i dødens ærend.

Mesteparten av filmen føregår på eit fly, og då krevst det ein del for å oppretthalde intensiteten og interessa. «Red Eye manglar det heilt store her. Ikkje før flyet landar, som er godt og vel 1 time inn i den 1 time og 17 minuttar lange filmen, blir det fart i sakene. Det at filmen ikkje er lenger reddar den dessutan frå å vippe over til det kjedsommelege.

Filmen føles aldri meir enn halvt gjennomført, den tek avstand frå dei største klisjeane, beheld dei mindre, og har eit ganske forutsigbart handlingsforløp. Slikt krev at andre ting er på plass. Det er dei ikkje, og resultatet blir ein film som vippar på kanten til det kjedelege, det som reddar den er eit par spennande sekvensar, ei søt Rachel McAdams og ein til tider psykopatisk Cillian Murphy.

Filmen har forresten ingenting å gjere med den sør-koreanske horrorfilmen med same namn.

5/10
2 / 51234...5