12 Angry Men (1957)
mandag, april 30th, 2007
12 jurymedlemmar held skjebna til ein ung gut i hendene. Kva vil dei gjere?
Først og fremst vil dei komme seg heim, så 11 av dei stemmer for skuldig. Dette skjer heilt i starten av filmen, og eg ser det ikkje som ein spoiler å avgi denne informasjonen. Ein gjenverande herrenamn, som utanfor kamera går under namnet Henry Fonda stemmer i mot.
Vidare følger ein lang diskusjon med høgt temperament om bevisvurdering, klargjering av personlege synspunkt og heile pakka.
Det skal godt gjerast å lage ein heil film utelukkande basert på dialog. Miljøet i «12 Angry Men» er eit enkelt rom, forutan opningsscena i rettsalen. Når steinane først begynnar å rulle treng ein ikkje anna enn snakking for halde interessa her, iallfall gjer ikkje eg det, så sant temaet er godt. Her er det livet til ein drapsmistenkt 18-åring det er snakk om, og korleis kan dei sende han i den elektriske stolen utan å diskutere først?!
For å sette poenget med snakkedelen litt på spissen: mange gode tv-drama har mest snakking, i ulike miljø for å gi litt variasjon, men det er framleis snakking som dannar handlinga. Avvik finst i spenningsseriar, det vil eg ikkje utelukke, avvik finst forsåvidt andre stader og. Men det var ikkje poenget mitt.
Poenget mitt er at «12 Angry Men» klarar å gjere jobben utelukkande ved at 12 sinte, ev. engasjerte menn diskuterar ei drapssak i eit avsperra rom gjennom 1 time og 36 minuttar utan at det blir kjedeleg. Engasjementet mitt får temperaturen i skallen min til å stige og eg opparbeide verkeleg meiningar om det som skjer på skjermen. «12 Angry Men» er ingen passiv popcorn-film, tvert i mot, og det gjer den utruleg bra.
BBC runda nyleg av den hittil siste i rekka av politisk inspirerte miniseriar. Sidan eg i heile tatt skriv om denne no så har eg også sett den.
Etter lengre venting kom endeleg «Hot Fuzz» til kino, og etter meir venting kom eg meg til kinoen. Forhåndskunnskapane om «Hot Fuzz» var relativt små, med traileren som einaste bakgrunn. Eg ser no i ettertid at den er ein knapp forsmak på kva filmen leverar, så den skal ha skryt for både å halde seg i tøylane samtidig som den gir forsmaken. Over til filmen. Dette er ein politispenningskomedie satt til ein roleg engelsk landsby som kvart år kjempar om å bli “årets beste landsby”. Overkonstabel Nicholas Angel (Simon Pegg) blir (ufrivillig) overført dit frå Londonpolitiet fordi han har for god personleg statistikk og får resten av politiet til å ta seg dårleg ut. Livet viser seg ikkje å vere så stille på landsbygda likevel, når mange ulykker inntreff på rekke og rad ser Angel ei større sak på gong. Dei allereie godt etablerte politifunksjonærane avfeiar teoriane hans glatt. «Hot Fuzz» er god i måten Edgar Wright pressar inn haugar med informasjon og detaljar i kvart bilde (ypparleg med tanke på gjensjåing), skrur opp klyppefrekvensen der det er nødvendig (ingen dødtid), legg humoren i fleire lag (enkelt eksempel: dialog og ansiktsuttrykk), køyrer tempoet på filmen opp på eit fantastisk godt nivå når trådane blir samla (action non-stop) og har parodiert utan å massakrere originalar.
Mitt forrige møte med «Shaun of the Dead» kom for tidleg. Før eg hadde fått sett slike klassiske zombiefilmar den parodierte blei det ikkje store greiene. No omstilt og klar for å sjå dette på nytt gav eg meg i gong. Simon Pegg spelar ein litt distansert Shaun som blir meir distansert når dama slår opp. Parallellt med dette bryt ein epidemi ut; gatene flyt over av zombiar. Shaun, i si eiga verd, merka ikkje desse tilstandane før dei har blitt verkeleg alvorlege. I kamp for overlevinga blir det ispedd ein solid dose god, britisk, parodisk, humor, utøvd at eit spekter av Storbrittania sine mest morosame skodespelarar. At den tek heilt av vil eg ikkje påstå, sjølv om eg stilte med færre kort på handa forrige gong, fekk eg litt av den same skuffa kjensla no. Det er nok fordi forventingane til den blir bygd opp i skyene overalt. Nokre av sekvensane bygg på ein enkel form for humor som rett og slett ikkje slår an heller. Eg burde ha komme med spesifikke eksempel, men er dårleg på å hugse filmdetaljar over tid, så det blir med det generelle inntrykket.
Det har skjedd før. Det startar uskuldig med ein episode for å sjekke standarden. Så ein episode dagen etter. For ikkje å bli overivrig ventar eg med neste episode til dagen etter det igjen. Så blir grensene forskyvd; to episodar kan umogleg skade. Til slutt raknar det fullstendig og episodane blir sett på rekke og rad så sant det er tid til overs. «Dexter» er ingen unntak på så måte.
Frå vår nabo i aust kom denne invandrarkomedien godt med på eit aldri så lite vorspiel blant venner. Skrive bl.a. av mannen bak «Fucking Åmål», og regissert av Geir Hansteen Jorgensen, blei denne opprinnlege tv-filmen etter kvart omklyppt og tilpassa kino.
Japan, under Tokugawatida, etter fleire hundre år med krig har det endeleg blitt fred. Herskaren ser seg imidlertidig trua av nokre landsbyar som endå praktisere kraftige magiske kampsportar, dei blir kalla shinobi. Han hentar inn Hattori Hanzou III for å finne ei løysing på dette, og den blir mindre human.
Musikalar er ofte enkle saker, med nokre gode songar kan ein komme langt. Det finst sjølvsagt unntak: musikalar med komplekse historiar eller fengande songnummer i dårlege musikalar.
Frå lydfilmen sin ungdom kjem ein Alfred Hitchcock spionthriller satt til dei britiske øyer.
Til «Yella» stilte eg med blanke ark, eg ikkje hadde høyrt om filmen sin tittel eingong før like før den blei køyrt i gong. Sjeldan har eg så ekstremt lite forkunnskapar, men dette var ein interessant måte å starte på. Yella er namnet på dama som filmen handlar om, me får vite at ho har fått seg jobb utanbys og skal flytte. Tidleg gjer ho det dumme valet og let eks-kjærasten køyre ho til togstasjonen. Han er mentalt ustabil og det skjer ei ulykke på vegen; Yella får ei nær-døden opplevelse. Tross ulykka kjem ho seg overraskande fort til stasjonen og reiser til Hanover der ho jobbar med noko økonomistyr. Når filmen var komme så langt, rimeleg tidleg ute i filmen, hadde den delvis mista meg. Resten av filmen prøvde eg mest å fange opp små humoristiske augeblikk for å overleve og ikkje minst fotografiet. Sjølve handlinga var lite givande, rett og slett småkjedeleg. Detaljar i bilde avslører fort at noko ikkje er som normalt, og det er vel meininga. Men ikkje så godt gjennomført at eg får noko glede over det.