28 Days Later… (2002)
User Rating: 7.3/10 (40,556 votes)
Eg har ein fasinasjon for tomme byar. Eller kanskje tomme område generelt, der det eigentleg er meint å vere menneske, men altså er heilt stille. Det har noko med at mangelen på liv får meg til å sjå det som det eigentleg er. Forlatte område har ei historie bak seg om korleis ting blei slik.
Det var nettopp dette som gjorde at eg fatta interesse for «28 Days Later…», der ein ung herremann ved namn Jim (Cillian Murphy) vaknar opp til eit folketomt London. Heilt folketomt er det ikkje, omkring lurer det virusinfiserte menneske - veldig klar til å drepe!
Når eg seier at Jim snart møter på eit par andre, som han saman med må prøve å overleve med, så høyres det kanskje kjent ut. Tilgongen til zombiefilmar med ein lik hovudtråd er langt i frå liten. Erfaringa mi er derimot at det er få som skil seg ut som veldig gode. (Eg seier ikkje at det ikkje finst!).
Det som gjer at «28 Days Later…» skil seg ut, vel, det er eg ikkje hundre prosent sikker på. Men at den ikkje berre handlar om å slakte er ein grunn. At den er skitten framfor glattpolert er ein anna. Soundtracket er eit av dei betre eg har høyrt i det siste. Filmen er britisk, og humor i britisk film føles/er gjerne meir jordnært. Rollefigurane er ikkje berre rollefigurar, men óg menneske, fleksible i historia sådan.
Så er eg tilbake til det folketomme England. Kvar nye scene i stor skala, utan teikn til liv, minna meg på spørsmålet “kva om…?”. Når tankane vandrar på denne måten blir eg gjerne ekstra glad over filmen eg ser.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
