Filmdagbok
ness
06-apr-2007

War of the Worlds (2005)

User Rating: 6.7/10 (70,089 votes)

War of the WorldsForkjølelse, antydning til hovudverk, og «War of the Worlds» minus 15 minutt. I HD. Min første HD-opplevelse på tv faktisk. Utan at eg eigentleg var klar over det før langt ut i filmen.

Det var mest tilfeldig at eg enda opp med å sjå denne i kveld, når eg på besøk hamna midt i oppstarten under forbi-zapping via Canal+ (i HD). Det var altså dei første minuttane eg gjekk glipp av, så lite viktig at eg kryssar av i skjeftet for å ha fullført filmen.

Tom Cruise hamnar midt i suppa når romvesen angrip. Visstnok angrip dei over heile verda, så alle er jo midt i suppa. Ved si side har to barn, Dakota Fanning som skrik seg gjennom filmen, og ein irriterande Cruise-lookalike som går under rollenamnet Robbie. Ingen, verken unge eller eldre bemerkar seg i prestasjonane.

Filmen består stort sett mest av venting, venting og øydelegging. Øydelegginga er CGI i bøtter og spann, og ikkje av spesiell interesse for meg. Utruleg flott laga er det nok, alle effektane osar av gryn til utvikling, og i HD legg ein ekstra merke til dette. Og sveitteporane til Tom Cruise.

Filmen er ikkje dårleg sånn eigentleg, den har det tekniske på si side, og litt anna. Av litt anna kan eg trekke fram rollefiguren Cruise spelar, som tek avstand frå dei mest forventa klisjeane i mange nok situasjonar til at eg legg merke til det. Robbie derimot, har fått for seg at han kan redde verden ved å joine militære - mot farsans vilje. Dust altså!

Så «War of the Worlds» funka greitt. Ein del av æra må gå til filmkompanjongen som var med å gjere narr av ting undervegs. Eg trur filmen ville ha kjeda meg om eg skulle sett den åleine.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
Iversen har sagt:

Jeg stemmer for slengkommentaren.