Filmdagbok
ness
08-apr-2007

Japoteurs (1942)

User Rating: 6.2/10 (106 votes)

«Japoteurs» er ein klassisk, kort «Superman»teiknefilm, laga midt under 2. verdskrig. Under ei prøveflyging av verdas største bombefly, sjølvsagt laga av amerikanarane sidan dette er «Superman», stel japanarar, som har snike seg ombord flyet, showet - og startar så å sleppe bomber over USA. Ikkje uventa har Lois Lane snike seg ombord, og resten er opp til Clark Kent a.k.a. Superman å ordne.

Det som er interessant med denne kortfilmen er framstillinga av USA som best, i beste propagandastil, forkledd som teiknefilm for å hjernevaske barn. Heile greia frå kor urealistisk stort bombeflyet er, til korleis alle (inkludert kvinner og barn) jublar når det tek av rullebana. Å få fram at USA er best på militær utvikling og at japanarane er misunnelege sabotørar er viktig. Alle slike ting kjem så utruleg godt fram i denne kortfilmen, at det er morosamt å sjå når ein veit det nettopp er snakk om god, gammaldags propaganda.

Filmen er blant dei mange som ligg ute (gratis!) til nedlasting på archive.org.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Stengt for kommentering.