Filmdagbok
ness
15-apr-2007

Erin Brockovich (2000)

User Rating: 7.2/10 (33,425 votes)

Erin BrockovichSøndagsfilmen på NRK1 denne veka var Steven Soderbergh sitt portrett av Erin Brockovich, åleinemora som gjorde det stort i å bygge opp millionsøksmålet mot Pacific Gas & Electric Co. i 1993 på grunnlag av grunnvatnsforgifting.

Julia Roberts, som i ettertid av suksessen har utvida samarbeid med Soderbergh, spelar Erin Brockovich, som etter eit mindre hyggeleg bilkrasj kjem i kontakt med advokaten Ed Masry (Albert Finney), og som omstendigheitene fører til at ho krever jobb av.

Eg var litt redd for at dette kunne bli nok ein film der eit fattig menneske med armane fulle av ansvar, som tilfeldigheitene og mykje flaks skulle føre opp og fram i verden. Jo, det er vel litt slikt, men betre skjult enn ofte elles. Dessutan er fokuset mest retta på jobben til Erin Brockovich, og korleis ho utfører den. Ho har nemleg ein stor fordel framfor advokatar når det kjem i å kommunisere med klientane - det at ho ikkje er advokat.

Javisst er filmen lang, og hadde teke skade av dette hadde situasjonen til Erin blitt lagt større vekt på. Problema klientane i saka filmen handlar om, er så grusomme at Soderbergh kan smøre tjukt på i andre ender av filmen utan at det går ut over den. Det blir plass til eit par problem frå heimefronten til Erin, men dette tek aldri - og heldigvis ikkje - over.

Eg har prøvd å få fram av det er ein god balanse i filmen, men det betyr ikkje at det er fråver av sentimentalitet i dette dramet. Det er meir at sentimentaliteten er til å svelge utan at det blir magetrøbbel. Og slik blir dette ei fornøyeleg opplevelse, og uansett kor mykje eg kan ha mislikt Julia Roberts tidlegare pga. romantiske komediar, kan dama spele utruleg bra.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Du må vere innlogga for å kommentere.