Starter for 10 (2006)
User Rating: 7.0/10 (460 votes)
Birger Westmo i Filmpolitiet på NRK P3 skrytte grenselaust over lydsporet til «Starter for Ten», ein britisk romantisk komedie satt til det fantastiske årstalet 1985. Og filmar med god musikk er jo likandes!
Brian Jackson (James McAvoy) begynnar på universitetet for å ta inn nye inntrykk og tilfredsstille kunnskapstørsta si, han melder seg inn i quizlaget og møter eit par søte jenter på campus som han styrer på mellom.
Det er sjelden eg tenker over det så mykje på film, men etter Westmo rosa musikken opp i skyene blei eg sittande å tenke over dette gjennom heile «Starter for Ten». Musikksmak er jo veldig subjektivt, og det skal vanskeleg gjerast å treffe alle. Men eg likte musikken her, det er berre det at det blir altfor mykje, og det føles meir pressa inn enn henta inn. Dette speglar over på handlinga, der eg sit igjen med kjensla om at filmen prøver å ta tak i for mykje og dermed mistar fokus. Kjensla av at det er hasta for å få plass i filmen gjer at eg ikkje klarar å involvere meg så mykje som eg gjerne ville.
Det betyr ikkje at filmen snublar, men den kunne ha vore betre, den kunne ha vore knallgod. James McAvoy passar godt inn i rolla som den direkte og smånaive Brian, spesielt småflaue scener klarar han å gjere inntrykk i utan å dra det for langt, ikkje noko «American Pie» scener her altså. Filmen har humor og er varm, småsentimental, men godt balansert. I sjangeren sin er den utan tvil ein av dei betre.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
