Kosmorama: Old Joy og Yella
Kvalitetstid på kinoen i dag med to filmar på Kosmoramaprogrammet, den første var «Old Joy», amerikansk gutetur på roleg vis. Den andre var tyske «Yella», som blei sendt i staden for «Angosto» (tekniske problem). Eg lykkast altså ikkje å sjå «Angosto» på mitt andre forsøk heller.
«Old Joy» er ein relativt kort film med sine 75 minuttar Den handlar om to venner som ikkje har vore bestevenner på nokre år grunna jobb, dame og heile den pakka med vaksengreier. Kurt er ein av dei og den som inviterar den andre med på skogstur. Kurt heng på sett og vis litt igjen i ungdommen sin kan det virke som, og dette gjer han til ein tragikomisk person og filmen sitt lyspunkt. No har ikkje filmen det meste av dialog, men heller mange lange og flotte takes som stadig vekk trekk filmen ned igjen på eit overbehageleg og roleg nivå etter meir eller mindre trivielle samtalar. Det handlar ikkje om så mykje dette her, og det skjer heller ikkje mykje. Filmen gav likevel kjensle av at noko kom til å skje heile vegen. Om det var meg som innerst inne ønska meir spenning, eller om det var bevisst frå regissøren si side veit eg ikkje. Med musikk av Yo La Tengo blir det skapt god stemning i filmen, og det er denne eg likar best, tilsaman med humoren Kurt lagar. Elles er filmen litt for langsom for mitt vedkommande, 75 minuttar er nesten for langt?
Til «Yella» stilte eg med blanke ark, eg ikkje hadde høyrt om filmen sin tittel eingong før like før den blei køyrt i gong. Sjeldan har eg så ekstremt lite forkunnskapar, men dette var ein interessant måte å starte på. Yella er namnet på dama som filmen handlar om, me får vite at ho har fått seg jobb utanbys og skal flytte. Tidleg gjer ho det dumme valet og let eks-kjærasten køyre ho til togstasjonen. Han er mentalt ustabil og det skjer ei ulykke på vegen; Yella får ei nær-døden opplevelse. Tross ulykka kjem ho seg overraskande fort til stasjonen og reiser til Hanover der ho jobbar med noko økonomistyr. Når filmen var komme så langt, rimeleg tidleg ute i filmen, hadde den delvis mista meg. Resten av filmen prøvde eg mest å fange opp små humoristiske augeblikk for å overleve og ikkje minst fotografiet. Sjølve handlinga var lite givande, rett og slett småkjedeleg. Detaljar i bilde avslører fort at noko ikkje er som normalt, og det er vel meininga. Men ikkje så godt gjennomført at eg får noko glede over det.
