The 39 Steps (1935)
User Rating: 8.0/10 (11,953 votes)
Frå lydfilmen sin ungdom kjem ein Alfred Hitchcock spionthriller satt til dei britiske øyer.
Richard Hannay (Robert Donat) er ute i kulturelt ærend når han møter ei etterfulgt ung kvinne. Slik blir han innblanda i ei spionsak og får både politi og ukjente fiendar i hælane når han prøver å komme seg unna.
«The 39 Steps» er ein spennande rømningsfilm av typen det har blitt laga altfor mange dårlege etterlikningar av ettertid (og nokre gode sjølvsagt). Den er kort og held tempoet høgt ved stadig forflytting geografisk sett, og introdusering av nye menneske. Dei 39 stega plottet er bygd rundt er tomme ord i starten, men filmen bygg seg godt opp, og etter kvart blir den meir innvikla og spennande.
Nysgjerrigheita rundt kva desse stega er var på plass heile vegen, men ikkje på det utålmodige «må vite» viset. Måten filmen blir presantert på er sjarmen ved «The 39 Steps». Humoristisk er den, og med mange indirekte småfrekke gesturar og dobbeltydige uttalelsar er det ein fryd å sjå dette frå ei tid då filmsensuren nok var strengar på seksualitet. Det kan jo óg diskuterast kor vidt dagens filmar går for langt på slikt, og kva det gjer med den filmatiske kvaliteten.
«The 39 Steps» hadde alt eg håpte på og litt til; spennande og velprodusert utan kjedeleg vissvass som er irrelevant for historien. Ingen halvtimeslange karakteroppbyggingar, men rett på sak og presentering av filmens rollar parallellt med handling.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
