Dexter sesong 1
12 episodar.
Det har skjedd før. Det startar uskuldig med ein episode for å sjekke standarden. Så ein episode dagen etter. For ikkje å bli overivrig ventar eg med neste episode til dagen etter det igjen. Så blir grensene forskyvd; to episodar kan umogleg skade. Til slutt raknar det fullstendig og episodane blir sett på rekke og rad så sant det er tid til overs. «Dexter» er ingen unntak på så måte.
Dexter Morgan (Michael C. Hall) er derimot eit unntak. Eit unntak frå seriemordarar eg vanlegvis ser portrettert. Han jobbar med rettsmedisinsk for Miami-politiet på dagtid, på kvelds- og nattestid drep han etter ein kode. Miljøet i serien bygg seg opp rundt Dexter og dama, søstra, politiet og nødvendige avstikkarane for å etablere Dexter som seriemordar. Alt fell naturleg på plass og flyten er god.
Som med framifrå tv-seriar generelt er det vanskeleg å sette fingeren på noko bestemt som gjer dette til ein 10 tv-seriar du må sjå før du dauer-kandidat. Eg har eit ambivanlent forhold til hovudpersonen, det gjer at eg heile vegen har noko å kverne tankane mine på. Han er god på ein grusom måte, men har ingen følelsar. Eg blei sittande å leite etter spor av dette.
Forutan ei interessant profilframstilling er serien bygd på eit morbid grunnlag, den har eksplisitte bilde av vald og resultata av vald, samt ei nøye planlagt historie som knyttar alle episodane saman på filmatisk vis, veldig vanedannande! Her dreiar det seg om jakta på ein seriemordar av høgt kaliber, som Dexter viser høg respekt for.
Kven kan lage så god tv, og likevel vere ved sine fulle fem på eit personleg basis? Å følge serien og Dexter er grusomt godt i seg sjølv, eg kan ikkje forstille meg kven som må leve seg inn i karakteren for å skrive han inn i serien. Han er jo faktisk ganske psyko.

Dexter er genialt TV. Nå er jeg litt usikker på om jeg vil se sesong to eller om det bare er nødt til å bli nedtur, men det er vel ikke noen vei utenom.
Serien er forresten basert på en bok av Jeff Lindsay, men sesong to skal visst ikke bruke Lindsays andre bok om Dexter som kilde, men gå sine egne veier.
Litt skeptisk er nok eg og framfor neste sesong, men det vil bli sett utan tvil.
Visste ikkje at det var bokbasert, men håpar jo at det blir like bra som sesong 1 på tross av denne retningsendringa. Kan jo trekke fram Veronica Mars som eit eksempel der historien gjekk over heile sesongen, men kom tilbake med mykje kraft både i andre, og deretter i tredje sesong. Det kan gå.