Filmdagbok
ness
30-apr-2007

12 Angry Men (1957)

User Rating: 8.7/10 (48,695 votes)

Twelve Angry Men12 jurymedlemmar held skjebna til ein ung gut i hendene. Kva vil dei gjere?

Først og fremst vil dei komme seg heim, så 11 av dei stemmer for skuldig. Dette skjer heilt i starten av filmen, og eg ser det ikkje som ein spoiler å avgi denne informasjonen. Ein gjenverande herrenamn, som utanfor kamera går under namnet Henry Fonda stemmer i mot.

Vidare følger ein lang diskusjon med høgt temperament om bevisvurdering, klargjering av personlege synspunkt og heile pakka.

Det skal godt gjerast å lage ein heil film utelukkande basert på dialog. Miljøet i «12 Angry Men» er eit enkelt rom, forutan opningsscena i rettsalen. Når steinane først begynnar å rulle treng ein ikkje anna enn snakking for halde interessa her, iallfall gjer ikkje eg det, så sant temaet er godt. Her er det livet til ein drapsmistenkt 18-åring det er snakk om, og korleis kan dei sende han i den elektriske stolen utan å diskutere først?!

For å sette poenget med snakkedelen litt på spissen: mange gode tv-drama har mest snakking, i ulike miljø for å gi litt variasjon, men det er fortsatt snakking som dannar handlinga. Avvik finst i spenningsseriar, det vil eg ikkje utelukke, avvik finst forsåvidt andre stader og. Men det var ikkje poenget mitt.

Poenget mitt er at «12 Angry Men» klarar å gjere jobben utelukkande ved at 12 sinte, ev. engasjerte menn diskuterar ei drapssak i eit avsperra rom gjennom 1 time og 36 minuttar utan at det blir kjedeleg. Engasjementet mitt får temperaturen i skallen min til å stige og eg opparbeide verkeleg meiningar om det som skjer på skjermen. «12 Angry Men» er ingen passiv popcorn-film, tvert i mot, og det gjer den utruleg bra.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10