Filmdagbok
ness
30-apr-2007

Superstorm miniserie

3 episodar.

SuperstormBBC runda nyleg av den hittil siste i rekka av politisk inspirerte miniseriar. Sidan eg i heile tatt skriv om denne no så har eg også sett den.

Inndelt i 3 deler på 1 time kvar får me ei historie om forskarar og ymse folk relatert til vér som har blitt samla i ei gruppe for å finne ei løysing på eit aukande orkanproblem. Under namnet Stormshield får desse tida inntil neste orkansesong på å finne ein effektiv måte å sleppe unna det verste på.

Å stoppe ein orkan er verken lett sagt eller lett gjort, og det skal byggast godt under ei ev. funksjonabel løysing. Dette klarar «Superstorm» fint, og det er lite som føles direkte urealistisk for ein som generelt ikkje har særleg peiling på vér.

I tillegg til gode simulasjonar, statistikkar, ispedd arkivbilde for å gjere det endå meir realistisk, kjem det etiske problemet ved vérforandring, politiske interesser versus folkets beste.

«Superstorm» fanga fort interessa mi, mykje på grunn av den gode diversiteten. At BBC står bak er for meg eit kvalitetsteikn som ikkje er til å oversjå, og at det er lagt arbeid i denne serien kan merkast på det høge nivået spesialeffektane har (i tv-serie samanheng).

Med «The State Within» som forrige miniserie frå BBC, og «Superstorm» no nyleg, kva kan det neste bli?

 
Vibeke Berger har sagt:

Hei, hvordan er det mulig å få sett denne dokumentaren. Har gått glipp av de to første episodene som ble sendt på tv.

mvh Vibeke Berger

ness har sagt:

Play.com har den på lager til 13 pund, som går godt under tollgrensa. Gratis frakt. Betaling med VISA. Men viktig å påpeike at det ikkje er ein dokumentar, men ein fiksjonsserie omkring klimaendring. Dramatisert og spennande!