Old Joy (2006)

IMDb: 6.7/10 (1,798 votes)

Old Joy«Old Joy» er ein relativt kort film med sine 75 minuttar Den handlar om to venner som ikkje har vore bestevenner på nokre år grunna jobb, dame og heile den pakka med vaksengreier. Kurt er ein av dei og den som inviterar den andre med på skogstur. Kurt heng på sett og vis litt igjen i ungdommen sin kan det verke som, og dette gjer han til ein tragikomisk person og filmen sitt lyspunkt. No har ikkje filmen det meste av dialog, men heller mange lange og flotte takes som stadig vekk trekk filmen ned igjen på eit overbehageleg og roleg nivå etter meir eller mindre trivielle samtalar. Det handlar ikkje om så mykje dette her, og det skjer heller ikkje mykje. Filmen gav likevel kjensle av at noko kom til å skje heile vegen. Om det var meg som innerst inne ønska meir spenning, eller om det var bevisst frå regissøren si side veit eg ikkje. Med musikk av Yo La Tengo blir det skapt god stemning i filmen, og det er denne eg likar best, tilsaman med humoren Kurt lagar. Elles er filmen litt for langsom for mitt vedkommande, 75 minuttar er nesten for langt?

6/10

Starter for 10 (2006)

IMDb: 7.0/10 (460 votes)

Starter for TenBirger Westmo i Filmpolitiet på NRK P3 skrytte grenselaust over lydsporet til «Starter for Ten», ein britisk romantisk komedie satt til det fantastiske årstalet 1985. Og filmar med god musikk er jo likandes!

Brian Jackson (James McAvoy) begynnar på universitetet for å ta inn nye inntrykk og tilfredsstille kunnskapstørsta si, han melder seg inn i quizlaget og møter eit par søte jenter på campus som han styrer på mellom.

Det er sjelden eg tenker over det så mykje på film, men etter Westmo rosa musikken opp i skyene blei eg sittande å tenke over dette gjennom heile «Starter for Ten». Musikksmak er jo veldig subjektivt, og det skal vanskeleg gjerast å treffe alle. Men eg likte musikken her, det er berre det at det blir altfor mykje, og det føles meir pressa inn enn henta inn. Dette speglar over på handlinga, der eg sit igjen med kjensla om at filmen prøver å ta tak i for mykje og dermed mistar fokus. Kjensla av at det er hasta for å få plass i filmen gjer at eg ikkje klarar å involvere meg så mykje som eg gjerne ville.

1Det betyr ikkje at filmen snublar, men den kunne ha vore betre, den kunne ha vore knallgod. James McAvoy passar godt inn i rolla som den direkte og smånaive Brian, spesielt småflaue scener klarar han å gjere inntrykk i utan å dra det for langt, ikkje noko «American Pie» scener her altså. Filmen har humor og er varm, småsentimental, men godt balansert. I sjangeren sin er den utan tvil ein av dei betre.

7/10

À la folie… pas du tout (2002)

IMDb: 7.3/10 (4,902 votes)

He Loves Me, He Loves Me NotDet startar som ein vanleg romantisk film. Kunststudenten Angélique (Audrey Tautou) er forelska i hjartespesialisten Loïc (Samuel Le Bihan), og forsøker Ã¥ fÃ¥ han til Ã¥ gÃ¥ i frÃ¥ den gravide kona si. Loïc møter derimot ikkje opp nÃ¥r Angélique ordnar slikt treff, og ho utviklar kjærleikssorg. BrÃ¥t, halvveges i filmen tek filmen ei vending og me fÃ¥r servert den same historia frÃ¥ hans stÃ¥stad — ein skremmande vri.

Laetitia Colombani veit å gjere seg nytte av den uskuldige og søte utstrålinga til Audrey Tautou. Dei store mørke augo er enkelt å bli fanga av, og når ein først er fanga blir andre halvdel ekstra sterk.

Filmen si svakheit er at den må bruke så lang tid for å gjere twisten eg rablar om effektiv. Problem skuldast kanskje mi uvisse rundt filmen, eg visste nemleg ikkje at dette var noko anna enn ein romantisk film. Når overraskinga først kom, og bygde seg opp og opp utover mot slutten, blei eg derimot veldig engasjert. Og slutten, den slutten! Eg fekk frysningar.

Denne rablinga høyres nok rar ut, eg merkar sjølv at det eg har skrive ikkje gir særleg meining. Å røpe at dette er ein thriller ved sidan av romantikk gir jo ein peikepinn mot kva det utviklar seg mot, og at det heile vegen dreiar seg om Angélique sin kjærleik mot Loïc. Det eralt eg kjem til å sei om filmen, som eg forventar vil vekse som opplevelse etter tid. Det er nemleg ein av dei filmane.

6/10

Sex and the City sesong 1

12 episodar.

Sex and the City sesong 1Det var ein gong, i ein midtnorsk storby, at tusenvis av kåte studentar sprang gatelangs og vifta med edlare deler. Vent litt.. dette går ikkje her, eg er nok ingen Carrie Bradshaw. Å forsøke å adoptere stilen til dama som «Sex and the City» dreiar seg omkring er enklare tenkt enn gjort.

Eg har aldri sett «Sex and the City» før, aldri. Eventuelle samanlikningar og referansar dei siste åra i andre populærekulturelle medium har eg oversett, og dette var det på tide å gjere noko med. Andre faktorar som spela inn når eg valte ut «Sex and the City» var at første sesong er rimeleg kort, DVD-en var billeg, og eg var nysgjerrig på kor vidt dette damesnakket kunne vere interessant.

Interessant var det innimellom, men verken forteljarstil eller plotline generelt gjorde inntrykk; eg fekk aldri den store tranga til å sjå neste episode. Når cliffhangeren i den siste ikkje gav meg anna kjensle enn at det var greitt å vere ferdig, blir det vanskeleg å skryte av serien.

Dette dreiar seg om fire damer i 30-åra, med Sarah Jessica Parker som Carrie Bradshaw i front, som i mellom å diskutere forhold, sex, forhold med og utan sex, singelliv og sex igjen, ikkje gjer spesielt mykje i New York. Det er altså snakkinga som er det store her, den er tidvis interessant, tidvis tom. Akkurat som innlegga mine her i Filmdagbok, der det sjelden fører til noko.

Eg verken slaktar eller elskar «Sex and the City», den blir forbigått som eit greitt tidsfyll, og no veit eg i det minste kva dette dreiar seg om. Men å hoppe på sesong 2 gjer eg ikkje.

Ferien (2007)

IMDb: 5.9/10 (16 votes)

VacationKosmorama var tida for å bryte uhøgtidlege nyttårsforsettet mitt, nemleg å sjå meir enn ein langfilm i løpet av ein dag. Gudane var i vrede og forsøkte med alle midlar å øydelegge planen min. Eg skal kjapt oppsummere dagen på Nova kinosenter:

Tre litt tilfeldige filmar var utgongspunktet for kvelden: Tyske «Ferien» skulle visast som 35mm, men det blei frå DVD grunna forseinking i posten. Og DVD på kino er ikkje det heilt store. Eg kjem tilbake til denne. Nummer to skulle vere «Angosto», denne blei avlyst grunna teknisk trøbbel. Eg kryssa fingrane for den siste, men den egyptiske «The Yacoubian Building» spontanaborterte undertekstinga 2 (av 3) timar ut i filmen, skikkeleg surt ettersom dette var ein kjempefilm fram til då. Den må bli sett ferdig på anna vis.

Vacation bilde

Så tilbake til «Ferien», eller «Vacation» som den gjekk under i festivalprogrammet. Dette er ein Thomas Arslan-film om relasjonar, og regissøren var tilstades for å introdusere filmen og svare på spørsmål i ettertid, ei fin overrasking. Ein tobarnsfamilie er på ferie ved det idylliske landsbyhuset til damas mor. Å vite særleg meir enn dette vil øydelegge meir enn glede. Men lat meg sei at visse familierelaterte problem oppstår.

Thomas Arslan plasserar verken seg sjølv eller filmen sin i nokon bås (som tysk nybølge o.l.), men påstår mange av vala er tilfeldige eller berre passar slik i samanhengen . Filmen består av mange uprofesjonelle for å skape ei familielikskap der Angela Winkler spelar mora med huset. Den har stadige «pausar» med nydelege naturbilde. Ungane i filmen seier og gjer aldri noko som har direkte med resten å gjere. Alt samla dannar det seg ein god film. Arslan har nok bevisst lagt lok på følelsar og dialogbruk, for å unngå klisjeen og komme nærmare ein mogleg realisme.

«Ferien» var ein nydeleg film. Det er den type film som kunne blitt kjedeleg å sett på tv, men når ingen av publikum valte å utsette filmen til 35mm-rullen skulle komme måndag var det opplagt at folk hadde lyst å sjå den, og det skapte godstemning. Lange sekvensar gir plass til å oppleve det idylliske i bilde, framstilt på nærast dokumentarisk vis. Det eg likte spesielt var at filmen aldri gir seg med denne idyllen, sjølv når småproblema kjem på bana. Og at den forblir nydeleg tvers igjennom.

Det blir med desse orda, det som opprinneleg skulle vere ein trippelpost om Kosmorama blei ein enkel.

8/10

Darkman (1990)

IMDb: 6.1/10 (9,107 votes)

DarkmanPå veggen bak meg har eg kanskje ein av tidenes råaste filmplakatar: «Army of Darkness» med Bruce Campbell iført motorsagprotese på armen. Øverst står det «From the director of Darkman». Etter eit år med påminnelsar om at eg ikkje har sett filmen, fann eg tida rett for å sjå «Darkman».

Sam Raimi er altså mannen bak dette, ei hemntokt med forskaren Peyton Westlake (Liam Neeson) bak spakane. Etter han blir forsøkt drept i laboratoriet sitt, kjem Peyton tilbake med svære brannskadar i ansiktet for å gjere opp for seg. Då er det kjekt at han forska på hud, og kan skape eigne masker.

Det er ei ganske så sprø jakt som vidare blir utført, med drøye actionsekvensar på rekke og rad. Sett med kritiske augo kan fleire av desse verke enkle i dag frå ein teknisk ståstad, men det gir meg gode assosiasjonar til tidlegare Raimi-produksjonar. Det blir tydeleggjerast at dette er film, og fiksjonsfaktumet blir flittig brukt for å bygge ut. Underholdningsverdien blir dermed høg.

Dramaet og ikkje minst følelsane kjem derimot ikkje så godt fram som eg skulle likt, dette er tross alt ei hemntokt. Avstanden til Peyton alias Darkman blir for stor. Eg skulle gjerne følt meir sympati for mannen for å fått meir ut av filmen. Men så lenge det ikkje blir oversympatisering så burde eg kanskje vere glad til?

5/10

Black Sheep (2006)

IMDb: 6.7/10 (276 votes)

Black SheepSauer vil aldri bli det same igjen! Med «Black Sheep» i kveld vart eg offisielt Kosmoramapublikum for årets festival. Og for ein måte å bli det på!

«Black Sheep» er noko av det eklaste eg har sett på kino. Nokre vil kanskje sei seg litt skuffa, noko eg kjem tilbake til, for eg vil opne med det som gjorde at eg likte filmen.

Horrorfilmen, skrive og regissert av Jonathan King føregår på New Zealand, sauenes rike, og sidan Kosmorama sendte uteksta versjon var det litt problematisk å få med seg all dialog. Til tross for dette blei nesten all humor fanga opp, kanskje filmen si sterkaste side. Midt oppi blod, gørr og muterte sauer glimtar skodespelarane til med one-liner etter one-liner. Faren med å ha for mange slike er at det kan dukke opp nokre som ikkje fell i smake. Her fall alt i smak.

Oliver Oldfield (Matthew Chamberlain) har saueskrekk. Turen tilbake til garden han vaks opp på er eit reint mareritt i utgongspunktet, men blir gjort på oppfordring av psykologen. Det viser seg at broren har forska på genmanipulerte sauer, og når den defekte varianten slepp laus bryt helvete ut.

«Black Sheep» er som ein zombiefilm, berre med sauer. Den har brukt minimalt med CGI (om i heile tatt?), og heller pøst på med make-up og bøtter av teaterblod. Skal eg først sjå gore foretrekk eg dette for betre effekt. Her er det knallbra tillaga og oppnår målet.

Historien som held det saman har eit godt nok grunnlag med tanke på handlinga. Men den har visse dødpunkt midt inni, sidan angrepa frå sauefronten startar rimeleg tidleg. Det som trekker opp er brå overraskelsar undervegs og karismatiske skodespelarar. Danielle Mason som naturaktivisten Experience gjorde at eg smelta; dum, men ikkje for dum, litt smart kanskje, men likevel dum. Og sukkersøt.

Godt grafisk framstilt, intensiv og ikkje minst veldig ekkelt. «Black Sheep» har det som skal til for å bli ein god sjangerfilm. Sjå filmtraileren og du har danna deg eit godt bilde av kva dette er.

7/10

TV samlepost #20: Revurdert

Drive

DriveViss eg i heile tatt gav inntrykk om at denne serien var verdt å bruke tid på trekk eg orda mine frå forrige samlepost tilbake. «Drive er eit stykke dårleg samansett ingenting utan spenning eller fart som ein serie om eit billøp bør ha. Rollefigurane er todimensjonale tross eit par forklarande flashbacks. Om dette likevel er ein serie som har fanga interessa via andre kanalar skal eg rose den sopass at den ikkje har faste, poenglause flashbacks lik «Lost» sine.

Superstorm

SuperstormFor folk som er interessert i effektane av klimaendringar brukt for å skape fiksjonsserie med grunnlag er denne nyoppstarta serien frå BBC verdt å sjekke ut. Det skal sendast tre episodar, kvar på 60 min. Starten kan minne litt om SciFi-Channels «The Triangle», der ei gruppe ekspertar på sine felt blir innkalla for å løyse eit oppdrag. Her er alle ekspertar innan felt knytta til vær og vind, og oppgåva deira blir å finne ut ein måte å kontrollere storm/orkan på. Ok, kanskje litt fjernt, men godt gjennomført. Eg tenkte umiddelbart på «The State Within», men ikkje fullt så politisk. Det er forøvrig dei same folka som står bak denne serien som også laga «Supervolcano».

The Tudors

The TudorsHistorisk drama på Showtime. Jonathan Rhys Meyers spelar Kong Henry VIII i ein serie med indre og ytre konfliktar rundt det britiske kongehuset. Det heile startar litt sløvt, og minna meg soleis om «Rome. Det betyr ingenting for det som skjer vidare, men viser kanskje meir at det er eit tungt tema å gripe fatt i, for her er det tydelegvis mykje historie. Plass blir det også til flotte sexscener, ikkje eksplisitte då. Eg trur dette kan bli eit interessant foretag vidare, for i tillegg til Meyers blir både Sam Neill og Henry Czerny faste på rollelista, og Neill var i sitt rette ess i den første episoden!

Dellamorte Dellamore (1994)

IMDb: 7.4/10 (3,983 votes)

Cemetery ManPrisbelønna italiensk skrekkfilm av Michele Soavi, med Rupert Everett som Francesco Dellamorte, gravplassbestyraren som må drepe dei døde ein andre gong når dei vert zombiar.

Eg oppleve ein aukande sans for zombiefilmar, men dette er det mest oppskrytte tullet eg har sett innan sjangeren. Filmen som internasjonalt går under tittelen «Cemetery Man» er full av manglar: Skikkeleg samanheng, god romantikk, humor, skodespel å skryte over, intensitet, fornuftig voiceover, osv. Snu om på alt eg lista opp og du har inntrykket mitt av filmen altså.

Heilt firkanta på vurderinga mi skal eg prøve å unngå og vere, klarar ein å sjå det komiske i at den talentlause Anna Falchi dukkar opp som tre ulike kvinner, og at Dellamorte umiddelbart blir forelska i kvar enkelt når dei dukkar opp, er ein på god veg. Men verken dette eller den patetiske hjelparen Gnaghi si oppførsel slo an.

Blod blir det nok av etter ei stund, det skal filmen ha, men alle drapa føles tomme. Everett passar ikkje inn som tøff og iskald pistolmann, mannen er blotta for karisma, hadde Bruce Campbell hatt rolla derimot..

Med den tanken set eg lok på kista. Eller vent litt, eit par ting ved filmen som trakk den opp frå evig kaving i gjørma: Eg nevnte vel Anna Falchi her? Pluss at filmen har eit par småsekvensar eg ikkje hugsar i detalj, men som eg smålo av. Det var alt.

4/10

What’s Up, Tiger Lily? (1966)

IMDb: 6.2/10 (2,651 votes)

Whats Up Tiger Lily«What’s Up, Tiger Lily?» er ganske forskjellig frÃ¥ alt anna eg har sett av Woody Allen. Dette er nemleg ein omklyppa og dubba versjon av den japanske spionfilmen «International Secret Police: Key of Keys». Den nye dialogen pÃ¥ engelsk gir historia ny meining, dÃ¥ alle partane her er pÃ¥ jakt etter ei viktig eggesalatoppskrift. Det einaste Allen har filma sjølv er introduksjonen som forklarar meininga bak filmen. Som alt anna her er dette vrøvl.

Blant mange spionfilmar som kom etter James Bond, kryr det her og av lettkledde damer, og Allen har nok storkosa seg ved å pepre dialogen full av direkte seksuelle hentydningar, på eit vis som minnar om Harald Eia. Personleg synst eg dette var utruleg festleg på ein dum og absurd måte. Jakta på eggesalatoppskrifta er dessutan eit av dei beste eksempla på ein «McGuffin» eg har sett.

Det er ikkje så mykje å sei på denne filmen sett i ein Woody Allensk samanheng. Mannen gir mykje av seg sjølv gjennom den nye dialogen, som på enkelt vis speglar interessa hans for det filmtekniske og filmatiske bergrep. Tett fulgt at usamanhengande svar. Eit eksempel er når spionen og damespionen er undercover som ektepar og eit anna kryssar skjermen:

Spionen: «Look now, honey. This is the obligatory scene. The director always has to walk through with his wife. Ego maniac!»
Spiondama: «- You’re kinda cute. You’ve got a great body. I could tear your clothes of and make love to you right here and now.»

Det beste ved filmen kjem i form av slike små gullkorn, sjølve handlinga er ikkje anna enn ei godt under middels James Bond etterlikning. Med desse to sidene mot kvarandre er det ikkje lett å gjere seg opp ei meining. Enten er det ein genistrek eller så er det usakeleg, men hysterisk møl. Underholdningsverdien er iallfall høg.

6/10
2 / 51234...5