Filmdagbok
ness
31-mai-2007

Civic Duty (2006)

User Rating: 7.6/10 (223 votes)

Civic DutyRedselen for terroristar var nok størst i USA like etter 11. september 2001. «Civic Duty» hadde nok vore mest aktuell i den perioden. Like fullt handlar det altså om terroisme på sett og vis; Terry Allen (Peter Krause) og hans paranoia ovanfor denslags.

I ein slags moderne versjon av «Rear Window» er det media overalt som gjer Allen svært merksom på naboen Gabe Hassan (Khaled Abol Naga) sine aktivitetar i leiligheita ved sidan av, og tek på seg oppgåva å vere «the eye and the ears» for samfunnet sitt.

Til denne reindyrka thrilleren, som heller ikkje gjer noko stort ut av seg, var det unaturleg for meg å ha forventingar. Med skodespelarar frå tv, Krause er kul, men har mangel på ansiktsuttrykk og karisma, var eigentleg grunnlaget satt. Det skal då nemnast at det var på grunn av Krause («Six Feet Under» og «The Lost Room») at eg la merke til filmen.

Dette er ikkje ein dårleg film, men mangelen på originalitet har satt spor i produksjonen. Som ikkje ser ut til å vere spesielt påkosta. Regissøren har hatt sans for detaljar utan å røpe seg. Filmen er ikkje direkte forutsigbar. Nokre rare vendingar øydelegg litt av gleda mot slutten. Før den tid har filmen sine spennande stunder. Likevel forsvinn dei i ei laber heilheit. Den er rik på inntrykk og ikkje minst tankevekkande. Kanskje litt over kanten i enkelte situasjonar, men slik er jo ofte film.

Eg sit igjen med inntrykk av å ha sett noko heilt ok, verken spesielt bra eller dårleg.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
30-mai-2007

The Bridge on the River Kwai (1957)

User Rating: 8.4/10 (34,086 votes)

The Bridge on the River KwaiDavid Lean er ein mann med forkjærleik til store produksjonar og lange filmar. «The Bridge on the River Kwai» er ingen unntak.

Ein britisk tropp er tekne til fange av den japanske hæren som her held til i Thailand. Det er andre verdskrig og arbeidskraft for å fullføre ei jernbane mellom Bangkok og Rangoon er nødvendig. Sjefen over arbeidsleiren med ansvar for å bygge bruka over elva Kwai er ein ond djevel, men det harde taket han har på britane ser ikkje ut til å hjelpe på moralen.

Samtidig som britane og japanarane styre på i leiren har overkommanderande ved kysten andre planar.

Problemet til denne filmen, for å gå direkte på sak, er at den er altfor lang. Mange av klyppa har eigentleg ingen relevans for verken forståelsen av handlingsforløpet eller stemningsskaping. I blant kan eg oversjå at ting går langsomt, men her blir det i overkant - heile vegen. Filmen i seg sjølv er god den, og har ei fin historie. Overfladiske karakterar i stor grad, men i blant glimtar nokre av dei til med sider som gjer at eg ikkje klarar å mislike filmen. Dessutan må vel slutten seiast å vere spennande, her må eg motsei meg sjølv og gi kudos til det langsomme tempoet.

Når eg er nødt til å sitte 2 timar og 40 minuttar for å fullføre noko eg har inntrykk av at kunne blitt meir spennande og like djupt på 1 time og 40 minuttar, så er det vanskeleg å ikkej gjespe. Det er derimot ikkje kjedeleg slik at eg sovnar. Så det er sagt.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
mario
29-mai-2007

Brutalt spill blant dødsdømte!

(IMDb)

(Ness:) Ny gjesteanmeldelse på gang her, denne gongen er det Mario, som forresten ikkje har sin eigen blogg, som har teke seg tid til å skrive ein anmeldelse til «The Condemned».

The CondemnedWWE som står for World Wrestling Entertainment er kjent verden over. Tidligere stjerner som Hulk Hogan og The Rock har de fleste hørt om. Siden WWE handler rett og slett om sportsunderholdning hvor ulike karakterer spiller roller og inntektene til bransjen er i milliardklassen, så bestemte WWE å lage sitt eget filmselskap, WWE Films.

Filmen jeg vil anmelde her er laget av WWE Films og heter «The Condemned». Jeg vil starte med å si at jeg er en stor tilhenger av WWE, men vil prøve å holde anmeldelsen så objektiv som mulig. I denne filmen har WWE hentet inn en av de største Wrestling-stjernene de siste årene, nemlig Stone Cold Steve Austin som er kjent som rappkjefta, hardtslående og uredd. Dermed var han perfekt for denne rollen.

Stone Cold spiller Jack Conrad. Conrad har blitt fengslet og dømt til døden i et fengsel i El Salvador. Samtidig får vi se ni andre dødsdømte som slipper ut ved at det blir betalt store pengesummer. Alle disse dødsdømte blir fraktet til en øde øy hvor de møter en milliardær som vil skape det største onlineshowet noensinne, nemlig The Condemned. Reglene er enkle, 10 deltakere, 9 døde og en vinner som vinner friheten sin og en stor pengesum.

Stone ColdEnkelt og greit for å vinne må man ha drept alle de 9 andre innen 30 timer. Klarer ingen det, vil en bombe som er låst til ankelen eksplodere hos de som fortsatt er i live. Med dette utgangspunktet begynner moroa!

Det viser seg tidlig at noen er mer brutale enn andre. Mannen som spiller birollen er en gammel kjenning ved navn Vinnie Jones som spiller Ewan McStarley. Ewan er en gammel SAS-spesialsoldat som har voldtekter og massemord på samvittigheten. Det viser seg raskt at McStarley en livsfarlig drapsmaskin som eliminerer sine motstandere en etter en. Conrad er det ingen som vet noe om, inntil det blir avslørt at han er en tidligere kommandosoldat for Delta Force-uniten som har blitt «glemt» igjen og feilaktig dømt, rett og slett fordi høyere makter i Pentagon ikke vil innrømme at Conrad er fortsatt i live på grunn av hans topphemmelige oppdrag. Conrad prøver så godt han kan å finne ut av hvor og hvem som står bak dette brutale spillet. Samtidig fortsetter fangene i jungelen på øya å drepe hverandre hensynsløst. Dermed så blir det en kamp for Conrad å holde seg i live og få stoppet dette brutale spillet.

Vinnie JonesActionsekvensene er på høyt nivå, Stone Cold er habil i sin første store filmrolle, men karakteren som stjeler showet er Vinnie Jones. Han spiller glimrende som en livsfarlig drapsmaskin uten noe samvittighet. Historien er dessverre litt tynn, men har en viss påvirkningskraft likevel, når man tenker over at slikt kan fullt mulig skje i fremtiden, når vi ser alt det ulovlige som sirkulerer på internett. Er du interessert i WWE eller bare liker action, så er dette filmen for deg. Er du ute etter en film med mening og en bra historie, så hold deg unna!

 
ness
28-mai-2007

Terminator 2: Judgment Day (1991)

User Rating: 8.3/10 (119,973 votes)

Terminator 2: Judgment DayNy runde med Rundbordsanmeldelse, denne gongen er tema Oppfølgere bedre enn originale. Spørsmålet er korleis betre, generelt eller på ein bestemt måte? «Terminator 2: Judgment Day» var filmen eg såg meg ut, utan at eg eigentleg visste om den var betre enn «T1». Her måtte eg håpe at folk flest var å stole på.

«T2» er ein naturleg oppfølgar. Grunnlaget er i stor grad likt som i den første filmen, der cyborgs frå framtida dukkar opp for å henholdsvis utrydde og redde John Connor, ein framtidig menneskeforkjempar.

Med større budsjett og meir moderne teknikkar har James Cameron klart laga ein teknisk betre film. Spenningssekvensane tek pusten i frå deg i større grad enn «T1», og er tilogmed i dag, 16 år etter, ganske ville. På denne måten er det klart at filmen er betre enn originalen.

Kva så med historia og slikt? Her stiller eg meg litt i tvil. Utan å vite kva som har skjedd tidlegare er dette litt tynt, på ei anna side utfyller «T2» ein ikkje fullt så informasjonsrik einar. Utfylling blir utdjuping, så historien kan virke meir gjennomtenkt, men eg klarar aldri heilt å riste av meg at det er nokså likt.

Ei side som eg har klarare formeingingar om at gjorde seg betre i den første filmen, var plasseringa til vår viktige venn, John Connor. Der var han nemleg ikkje født, iallfall ikkje i dengongens no-tid. Her er han ungdom i trassalder og står mykje i vegen ved å prøve å vere helt. Skodespel og ikkje minst rollar er ikkje slikt eg legg mest vekt på i ein film lik denne, men det skadar heller ikkje å ha uforutsigbare reaksjonar. Også er det jo ein enkel og tøff Arnie som i rette stunder seier ting som «Get down!» og «Hasta la vista, baby!».

Når filmen til slutt skal oppsummerast blir det spenninga som avgjer for meg, den første filmen var tøff og alt det der, men «T2» er meir pumpa, og det funkar faktisk ganske bra.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
27-mai-2007

Kyle XY sesong 1

10 episodar.

Kyle XY sesong 1Kyle vaknar opp i skogen utan å vite kven han er eller noko av det som har skjedd hittil i livet hans, han veit ikkje namnet sitt heller, så det kan vel godt vere noko anna enn Kyle. Etter ein tur innom eit ungdomssenter hamnar han hjå psykriataren sin familie, der han finn seg til rette.

Det viser seg at Kyle ikkje er heilt normal, hjerneaktiviteten er fleire gonger større enn det som ville gitt eit vanleg menneske hjerneslag. Han er ein meister i å berekne og lære nye ting.

Serien handlar stort sett om jakta på fortida til Kyle og tilpassinga hans til samfunnet. Enkle saker som alle andre tek for gitt stiller han spørsmål til. Heldigvis ikkje til alt som skjer rundt han, det kunne blitt kjedeleg. Fyren er jo også smart.

Ved sidan av dette er «Kyle XY» tydleg eit familiedrama. Fosterfamilien til Kyle spelar nok den viktigaste rolla i serien, og det blir tidt og ofte preika om moral. Kjærleiken renn i strie straumer og ingen utmerkar seg som spesielt gode skodespelarar. Slik er det ofte med amerikansk sommar-tv.

Mystikken er fin. Serien er lett fordøyeleg og med god stemning. Den har tydlegvis slått gjennom for den er fornya og tilbake på skjermen om ei knapp veke. Serien heng godt saman og svarar på dei fleste av spørsmåla som blir stilt. Første sesong kan godt sjåast åleine, sjølv om slutten opnar for ein ny runde.

 
ness
26-mai-2007

Six Feet Under sesong 2

13 episodar.

Six Feet Under sesong 2Etter fleire episodar med «Six Feet Under» har serien fått rotfesta seg meir og dramaet når nye høgdar. Så sant det var tid gjorde eg rom for å sjå, noko som har ført til faretruande stor mengde på kort tid.

«Six Feet Under» har ikkje eit handlingsforløp som gjer at eg må sjå vidare for å få vite kva som skjer, men fleire andre kvalitetar som gjer at eg får veldig lyst til å følge med. Utruskap, små løgner, intrigane er menneskelege, og gjennomført på ein slik måte.

HBO bryr seg ikkje alltid om halde kritikk tilbake, og frontar mange ulike saker og synspunkt her. Serien blir tankevekkande og i blant provoserande. Slike verdiar er det kjekt å finne. Men eg vil heller ikkje vektlegge dette for mykje, for det bunnar mest ut i dramaet for min del.

Den andre sesongen står seg ikkje ut på nokon spesiell måte, men er ein naturleg oppfølgar til den første sesongen. I det legg eg som eg nemnte innleiingsvis at serien har fått meir å bygge seg opp på. Flyten er god, for HBO er som kjent ein reklamefri kanal og slepp å kave etter umiddelbar interesse frå folk.

 
ness
24-mai-2007

Eit knippe levande døde

Her følger tre «Living Dead» filmar av ulike regissørar. I vårt tilfelle av udøde er det snakk om zombiar. «Of the Dead» og «Of the Living Dead» går gjerne igjen i denne sjangeren, som Romero har vore med å etablere gjennom åra. Utgongspunktet mitt var først og fremst å sjå den klassiske «Night of the Living Dead» frå 1968, men eg utvida med andre høgt ansette filmar.

Night of the Living Dead«Night of the Living Dead» (George A. Romero) er den første den første i regissøren si rekke av «of the * dead» titlar. Med eit estimert budsjett på $114.000, som er lite, men på ei anna side mykje til å vere debutfilm, laga Romero eit svart/kvitt zombieepos i kjent form. Opp av nærast ingenting flaumar levande døde og me blir vitne til at ei gruppe motstridande personar må søke ly i eit forlatt hus for å overleve. I ventinga på hjelp pressar stadig kjøtetarane på døra og dumme val blir teke for å provosere og engasjere sjåaren på typisk vis. Ein føler seg ganske smart når ein ser kor dumme alle andre er. «Night of the Living Dead» føles litt billig på enkelte punkt, men gjer utruleg mykje ut av det den har. Dautida midt inni filmen er ikkje til å komme utanom, men stort sett er dette god film.

City of the Living Dead«City of the Living Dead» er Lucio Fulci sitt bidrag i samleposten. Den er ikkje av dei mest typiske zombiefilmane, men spelar meir på ei overnaturleg kraft som utløysaren til dei dødes tilbakekomst. Alt startar med at ein prest tek livet av seg for å få dette til å skje. Ei gruppe åndelege venner i ein by lengre borte merkar konsekvensane av dette, og parallellt med prestens heimby byrjar ei etterforsking på kva som er i gjære. «City of the Living Dead» leverar mengder av grafisk vald på grusomt vis, og har nok mystikken på plass. Då er det synd at skodespelarane her leverar slett arbeid som tydeleg påvirka heilheitsinntrykket. Musikken, som tatt frå ein «MacGyver»-episode glimtar til i blant med om ikkje direkte gode, så iallfall morsomme trudeluttar.

Return of the Living DeadBraaaaaains!! «Return of the Living Dead» er ein blodig og møkkete affære der dei levande gjennoppstår og begynnar å jakte på fersk hjerne. Nokre kjemikaliar som stammar frå militære forsking er årsaka til bråket som ikkje er så lett å stoppe. Desse zombiane er ikkje som zombiar på film flest, dei bryr seg ikkje om eit skot i hjernen eller høgg i hjarte. Dessutan er dei raske og smarte. Dette gjer at eg som sjåar ikkje irriterar meg over idiotisk oppførsel blant menneska i gruppa i fare som me møter. Vel, nokon av dei er idiotar, men å stå i mot zombiane her er ikkje lett for normalt smarte heller. Det som gjer «Return of the Living Dead» morsom er zombiane som ikkje let seg stoppe, dette fører til mange grusomme og blodige, gjerne over kanten, episodar. Etter kvart blir det derimot litt for mykje skrik og skrål. I lengda held det ikkje heilt mål. Filmen stagnerar og ein veit at det eigentleg ikkje kan skje så mykje meir enn å bli pøsa på med fleire zombiar.

 
ness
24-mai-2007

Sesongavrunding veke 21

Heroes sesong 1

Heroes sesong 1Den kanskje sterkaste nykommaren i fjor haust har no runda av med sin første sesong, og det med stil. Tidlegare blei det kjent at «Heroes» ikkje akta å gå i den såkalla «Lost»-fella. Med dette meinast at den ville unngå å pøse på med spørsmål og mysterium som aldri blei gitt svar på, eller komme med nye trådar som sakte forsvinn som det var gløymte. Utan å gå for mykje innpå det vil eg for ordens skuld trekke fram «The Sopranos» som ein anna serie som sluttar trådar rett som det er, denne serien si unnskuldning er at slik er livet, det same kan vel ikkje seiast om «Lost». For å unngå fella bestemte skaparane bak «Heroes» seg for å gi første sesong ei avslutning på sesongen sitt største spørsmål, vil New York gå i lufta? Er framtida forhåndsbestemt? Er det noko det er mangel på i mange seriar så er det verdige avslutningar. No vil «Heroes» fortsette til hausten igjen, takk og lov, og det aller viktigaste ved serien, menneska med overnaturlege eigenskapar, vil nok fortsette å vere i hovudsete. Så, alt dette snakket om ei verdig avslutning, det må innebere at eg har likt det eg har sett ved sidan av. Serien har for det meste halde høgt tempo, dog eit par skuffelsar har det vore innimellom, men det byrjar å bli ei stund sidan sist. Måten «Heroes» imiterar teikneseriar i både stil, karakterar og oppbygging gjer sitt til at eg likar dette ekstra godt.

Veronica Mars sesong 3

VeroniSpikarane i kista er nesten satt alle saman. Det har komme offisielle uttalelsar om at serien er kansellert, men The CW har likevel satt frista til 15. juni kor vidt serien faktisk vil bli borte frå skjermen i framtida. Trist, men la oss heller sjå på dei lyse sidene. Tre sesongar med utmerka god tv blei det. Usikkerheiten omkring oppfølgelsen til den avsluttande historia første sesong bydde på var tilstades, men så kom andre sesong og feia all tvil til sides. Den tredje og siste sesongen har vist klare endringar frå skaparane si side. Me har forflytta oss til college, og atmosfæren til heile serien viser seg å ha tatt eit solid steg mot å bli meir vaksen. Det er mørkare, meir alvorleg enn tidlegare. Strukturmessig har også «Veronica Mars» gått frå å ha ein raud tråd gjennom heile sesongen til å ha fleire mindre historiar fletta saman som strekker seg over eit mindretal episodar, ved sidan av det vante innslaget med eit problem her og der. Årsaka til dette kan vere usikkerheita frå skaparane om det blei ein heil eller halv sesong, at det blir enklare for andre enn den harde kjerna å følge med på i blant, eller rett og slett ønske om endring. Det fungerar iallfall ganske bra, resultatet blei nok ein sesong med det som etter kvart har utvikla seg til å bli den mest stabile serien eg har fulgt på eit vekeleg basis over 3 år. Eg er sjølvsagt skuffa over at The CW har beslutta å gi opp, men var mest glad for at dei ikkje gjorde det tidlegare. Grunnen til at eg forventa det var ikkje at «Veronica Mars» er dårleg på nokon måte, men kanskje heller for bra for den typiske tv-tittaren.

 
ness
23-mai-2007

Brass Eye sesong 1

7 episodar.

Brass Eye«Brass Eye» er britisk satire satt saman som eit aktualitetsprogram kor kvar enkelt episode ser med kritisk syn på spesielle tema. Desse tema strekker seg frå dyr til pedofili. Det meste av innhaldet er pur faen, men klarar delvis å vere oppsiktsvekkande og skremmande. Programma er bygd opp på falske rekonstruksjonar, uekte arkivfoto og meiningslause intervju gjerne basert på fiksjonsfakta.

Humoren ligg mest i tilsynelatande fakta som går langt over kanten. Som i dyreepisoden, der bl.a. dyremishandling blir teke opp. Eit alvorleg diskusjonstema, men kva når me får sjå skjult kamera frå ei gruppe ekstremistar som sky levande kyr ut frå gigantiske kanoner, eller besøker ein skule som har ein innesperra narkoman for å vise dei skumle sidene ved rusmisbruk i episoden om narkotika?

Ikkje alt fall i smak, mykje skuldast nok at serien dreg på åra. Dei første seks episodane gjekk så langt tilbake som i 1997, medan den siste var ein spesial frå 2001. Den siste var klart morsommast. I blant blir det også for lite humor, men for mykje meiningslaus parodiering.

 
ness
23-mai-2007

Double Indemnity (1944)

User Rating: 8.5/10 (19,035 votes)

Double IndemnityWalter har vore ein ærleg salsmann av forsikringar i 11 år. Ein dag står tilbodet om ekstra spenning og ein solid slump med pengar ved døra, men dette inneber at noko kriminelt må gjennomførast.

«Double indemnity» er omgrepet som blir brukt i sjeldne situasjonar der eit forsikringsselskap betalar ut dobbel erstatning. Walter (Fred MacMurray) og Phyllis (Barbara Stanwyck) vil prøve å utnytte denne forsikringspolitikken. Som me ser i første bilde har noko gått feil.

Billy Wilder gir oss her ein klassisk film-noir med ei sterk femme fatale, low-key svart-kvitt bilde og utstrakt skyggebruk. Sigarettrøyken ligg tjukt over heile filmen. Det er ikkje til å ta feil av.

Walter er glad i å slenge rundt seg med uttrykk som “I love you, baby”, som på linje med den andre romantikken kan virke litt cheesy. Heldigvis er ikkje dette noko romantisk film, og litt overdrevne handlingar her er nok eit spel frå karakterane si side.

Det er spelet mellom personane bak forbrytelsen, og deira samla spel igjen mot etterforskarane som er interessant og utgjer filmen. Me får vite det meste og blir sittande å følge oppførsla til dei som må lyge og skjule seg. Og dette er faktisk ganske spennande.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10