Filmdagbok
ness
03-mai-2007

Sabotage (1936)

User Rating: 7.2/10 (2,368 votes)

Sabotage«Sabotage er ein kort film av Alfred Hitchcock frå 1936. Med kort film meinar eg ikkje kortfilm, men rettar peikefingeren på det faktum at den er knappe 70 minuttar lang.

Det trengs ikkje meir tid heller til å fortelje historia som er grunnlag for filmen. Ein kinoeigar har ein finger med i spelet når byens kraftverk blir sabotert og stoppar å levere straum.

Angåande bruken av ordet sabotasje i filmen er det interessant å kople til dagens tolking av denne type handling. Aviser og tv ville kasta seg over saka og proppa overskrifter med terror og terrorisme.

Heldigvis kjem me unna terrorpratet i denne filmen. Her er motiva andre. Dei er kanskje litt for godt skjult, så filmen blir litt uklar. Den er på sett og vis god nok, men samanlikna med andre Hitchcockfilmar synst eg den blei tam. Og i denne samanhengen hadde eg vanskeleg for å tenke på anna enn at Hitchcock stod bak.

Det er altså grei underholdning dette, og sidan filmen er kort blir det ikkje særleg dautid. Grunnlaget for filmen er litt tynt, og det merkast etter kvart.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Du må vere innlogga for å kommentere.