Filmdagbok
ness
06-mai-2007

Animert japansk surrealisme

Tilbake i 2004 var eg meir animeinteressert enn eg har vore verken før eller seinare i det korte livet mitt, og såg eg blant anna «Perfect Blue, ein psykotisk og forvirrande animethriller har blitt karakterisert som ei blanding mellom Alfred Hitchcock og Philip K. Dick, der fantasi og realitet flyt over i kvarandre utan grenser.

Mannen bak «Perfect Blue er den japanske Satoshi Kon. Eg hugsar sjeldan japanske namn, men når «Paprika» kom for ikkje lenge sidan var det klart at «Perfect Blue hadde gjort inntrykk, for eg kopla dei fort. Som oppvarming før «Paprika» blei tilgjengeleg bestemte eg meg for å sjå dei to andre filmane han laga i mellomtiden.

Millennium ActressAv desse var «Millennium Actress» først. To dokumentarskaparar har oppsøkt eit pensjonert ikon av ei skodespelarinne, og får lov til å intervjue ho. Ho fortel så livshistoria si der privatliv og filmar går over i kvarandre. På stadig jakt etter sin første kjærleik jagar ho gjennom film etter film, med dokumentarskaparane på slep. «Millennium Actress» er som mange filmar i ein. Den er fullproppa med surrealistiske trekk utan at det går på bekostning av den triste historia om ungjenta som blir vaksen, og gammal, og går glipp av livets gleder i si evig jakt. Eg klarar sjelden å knytte meg til animekarakterar, og det gjorde at eg ikkje fekk så mykje ut av denne filmen undervegs. No i ettertid tenker eg først og fremst på dette som ein original og eventyraktig, men trist film.

Tokyo Godfathers (2003)Det er juletider i Tokyo i «Tokyo Godfathers». Tre heimlause venner, eller i det minste bekjente, finn eit forlete barn i ein stabel kasteklart skrot. Blant desse tre avgjer transvestitten Hana at dei skal ta hand om barnet. Slik startar ei gatevandring gjennom Tokyo i snøvêret på jakt etter mat og foreldre. Me blir vitne til mirakel etter tilfeldigheiter etter mirakel, og filmen går non-stop utan dødpunkt fram til siste slutt. Krava mine til animedrama er annleis enn til vanlege drama, eg merkar lettare når animefilm sakkar på farten. «Tokyo Godfathers» overraska positivt når den som dramakomedie klarte å fullføre med både latter og tårer som resultat Det er vel verdt å legge til at dette er vel så mykje komedie som drama, og soleis ingen oversentimental julehistorie.

Paprika«Paprika» tek Satoshi Kon tilbake til surrealismen etter «Tokyo Godfathers», og det på ein av dei drøyaste måtane hittil i filmskaparkarrieren hans i mine auger. Her blir grensene mellom draumar og vaken tilstand viska vekk og alt ligg tilrette for ein forvirranda halvannan time. Overraskande nok er det ikkje tungt å følge filmen, den legg aldri opp til at den må bli fortstått for å underhalde. Den varierar mellom spenning, thriller, fantasi, osv. Å vurdere den er derimot vanskeleg, for kva skal ein sjå etter i ein slik samanheng? For min del var det eit stort pluss at filmen klarar å involvere meg i personane her, som har definerte rollar. Når ein har dette å halde fast i kan det i grunn skje mykje rart utan å rokke på tålmodigheita. Sett at mykje rart er i samanheng med ei blanding av draumer. Let ein seg imponere av fargebruk og animasjon (som fleire stader ligg nær det groteske i både «Akira» og «Chihiro og heksene) kjem ein også ganske langt.

Skal ein begi seg innpå Satoshi Kon er det ikkje lett å vite kor ein skal starte. Det går an å ta det kronologisk sjølvsagt, men vil ein ta det gradvis er det verre. «Tokyo Godfathers» er nok den filmen som er enklast å forstå, men steget frå denne og over på dei andre filmane er som frå ein anna dramafilm. «Millennium Actress» har ei definert historie, men slit litt i vekslinga mellom fantasi og realitet. Her kjem nok «Paprika» til sitt gode, der dette ikkje ser ut til å vere brysomt i heile tatt. Som ein slags konklusjon vil eg slå fast at ein bør forvente litt hjerneknaking av begge dei to sistnemnte, og ikkje minst i «Perfect Blue.

 
Fred Ut har sagt:

Første gang jeg satte meg ned og lagde en skikkelig liste over forholdsvis obskure ting jeg hadde lyst til å se (I 2001, tror jeg det var), var Millennium Actress på lista. Den brukte skikkelig lang tid på å bli tilgjengelig på DVD, og jeg har fortsatt ikke sett den. Både Perfect Blue og (spesielt) Tokyo Godfathers er finfine filmer, og jeg har absolutt ingen grunn til å tro at ikke …Actress og Paprika er det også.