Who’s Afraid of Virginia Woolf? (1966)
User Rating: 7.9/10 (9,995 votes)
Dette var eigentleg førstevalet mitt under forrige runde av Rundbordanmeldelsar på Filmantrop forumet, og er i så måte ein debutfilm til ein heller kjent regissør, nemleg Mike Nichols, som også står bak den godt kjente «The Graduate» (med Dustin Hoffman, «Manndomsprøven» på norsk).
«Who’s Afraid of Virgina Woolf?» er ein adapsjon av Broadwayoppsettet frå 1963 med same namn. Sjølve manuset skal visstnok vere rimeleg likt skodespelet sitt. Visse endringar er sjølvsagt gjort, utan at eg skal gå meir innpå det.
Heile filmen består av ei rekke med fyllekranglingar, manipulering og liknande. Med Elizabeth Taylor og Richard Burton er det ganske festleg ei stund, for dei overbevisar skikkeleg i spelet sitt. Men etter ein time begynnar det å bli slitsomt, og då hjelp det ikkje at filmen er over to.
Etter kvart blir det faktisk så kjedeleg at eg var nær ved å gi opp, og i skrivande stund går dei siste minuttane på skjermen ved sidan av meg. Så mykje potensiale, men akk så keisamt det utviklar seg til å bli.
Før det heile floppar er den sjuke, mørke humoren så absolutt festleg, og filmen skil seg ut frå det mykje anna i sin utfordrande dialog.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
