Sunset Blvd. (1950)
User Rating: 8.6/10 (27,400 votes)
Kombinasjonen Billy Wilder og film-noir bør vere nok til å gi mange frysningar oppover (eller nedover?) ryggen, på ein god måte. Men kva med oss som ikkje har sett noko av mannen før, og har lite kjennskap til god film-noir generelt?
La meg starte med eit kort samandrag. Protagonisten opnar med forteljarstemme i form av ein kommentar til sin eigen død. Spørsmålet er korleis dette skjedde, og me hoppar så tilbake i tid for å få heile historia. Manusforfattar Joe Gillis (William Holden) har idétørke og økonomisk trøbbel, tilfeldigheitene vil ha det til at han hamnar heim til avdanka stumskodespelarinne Norma Desmond (Gloria Swanson).
Gillis finn seg delvis tilrette i Norma Desmond sitt selskap, tilsett for å finpusse på eit personleg manus dama har brukt tid på etter karriera hennar tok slutt 20 år i forvegen.
«Sunset Blvd.» står godt på eigne bein, og er ikkje avhengig av kjent regissør eller film-noir kunnskapar. For min del fall den i smak fordi det er ein veldig god film, enkelt og greitt. Det som gjer den det er nok meir enn ein ting.
For det første er den veldig samansatt, den gir ikkje rom for undring i utval av scener. Alt er fletta saman i storslåtte kulisser, både fascinerande og litt grøssande. Holden gjer Gillis godt og fungerar som ei bru mellom filmskaparen og publikum på fleire nivå i dialogane sine.
Blant anna påpeikar Gillis i ei scene at filmar med eit psykotisk tema sel som varmt kveitebrød. Uansett om Wilder var ute etter å selge eller lage ein god film, eller begge deler, så meinar han nok at utforskinga av det psykologiske er viktig. Norma er utan tvil meir enn det som føregår på overflata, sjølv om det er forstyrrande nok.
Eit nytt hakk i skjeftet med klassiske filmar er danna, men «Sunset Blvd.» blir ikkje gløymt med det første og plassert i kategorien med lite givande klassikarar. Nei, dette er ein fin film som klarar å halde merksemda på topp gjennom to timar utan å kjede eller forvirre. Slikt er ikkje kvardagskost.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Det var hyggelig at du likte denne! Jeg elsker metabruken i den.
Amen og halleluja.