Metropolis (1927)
User Rating: 8.4/10 (20,345 votes)
Ein mektig mann styrer byen, arbeidarklassen blir drive knallhardt. Son til kanskje byens mektigaste mann finn ut kva harde metodar faren køyrer og vil gjere noko med det.
«Metropolis» er byen der maskiner gir det viktigaste arbeidet. Det er og ein by der misnøya for arbeidarsgivaren er stor og grensa arbeidarane treng noko å sjå fram til. Den mektige mannen, Fredersen, er derimot skeptisk til andre formar for aktivitet enn jobbing.
I 2001 blei «Metropolis» restaurert og tillagt eit nyinnspelt lydspor. Mange ulike versjonar har eksistert ettersom ein fjerdedel av filmen har forsvunne og filmen har blitt omredigert. Utgåva i The Masters of Cinema Series er så nær lik filmen som i 1927 hadde premiere. Frameraten er justert så bevegelsane blir mest mogleg naturlege og tapt foto har blitt erstatta med korte, forklarane tekstsnuttar på skjermen. Så var det lydsporet. Den originale scoren blei spelt inn på nytt i forbindelse med restaureringa. Ingen ting å utsette på DVDen altså!
Lite har eg å utsette på sjølve filmen heller. Sjelden ser eg stumfilm, så opplevelsen har ekstra effekt. Å gjere seg forstått med oversminka ansikt for å framheve følelsar og kroppspråk for å få fram handling er ikkje mindre enn ein kunst. «Metropolis» er gigantisk i måleståkk, og kulissene er ein fryd for auge. Med sprø vitskapsmann, paranoid herskar, friheitstalarinna og arbeiderklassen på plass er det ingenting å utsette på hendingsforløpet. Det einaste problemet til ein så lang stumfilm (2 timar) er at orkestermusikken etter ei stund misser litt av magien. Heldigvis repeterar ikkje filmen seg, men viser heile vegen kva den vil.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Du må vere innlogga for å kommentere.