Red River (1948)
User Rating: 7.9/10 (6,100 votes)
Litt western her i kveld, og det med store namn som John Wayne og Montgomery Clift på plakaten. Filmen er forøvrig regissert og produsert av Howard Hawks, ein mann som eg endå har tilgode å argumenter i mot. Eg nemnte forsåvidt etter å ha sett «Scarface (1932) at Hawks var ein mann eg hadde null problem å leite opp igjen seinare.
I «Red River» møter me Thomas Dunston (John Wayne), ein mann som gjer ting på sin måte og ikkje er vits å prøve å overtale til å endre meining. Besatt på å blir stor på kvegdrift gjennomfører han målet sitt, men det er dårleg etterspurnad på kveg i Texas-traktene. Han bestemmer seg difor for å drifte kveget 1000 miles gjennom tøff natur og indianarland, i mot alle sine oppfordringar om å la vere.
Dette er stort sett filmen. Ikkje mykje skal til for å tenke seg til at det blir trøbbel av ulik karakter på vegen. Trøbbel og ein solid dose testosteron. Altså med menn som er tøffe og har pistolar. Filmen er heller ikkje blotta for psykologien. Påkjenningane kan følast frå gruppa som driv kveget, i eit breidt spekter som gjer denne sida av filmen alt anna enn monoton.
Tøff i massevis. Ei god framstilling av menn under press. John Wayne. Osv. Eg trur eg har fått fram poenget mitt, dette fall sjølvsagt i smak.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Du må vere innlogga for å kommentere.