Filmdagbok
ness
23-mai-2007

Brass Eye sesong 1

7 episodar.

Brass Eye«Brass Eye» er britisk satire satt saman som eit aktualitetsprogram kor kvar enkelt episode ser med kritisk syn på spesielle tema. Desse tema strekker seg frå dyr til pedofili. Det meste av innhaldet er pur faen, men klarar delvis å vere oppsiktsvekkande og skremmande. Programma er bygd opp på falske rekonstruksjonar, uekte arkivfoto og meiningslause intervju gjerne basert på fiksjonsfakta.

Humoren ligg mest i tilsynelatande fakta som går langt over kanten. Som i dyreepisoden, der bl.a. dyremishandling blir teke opp. Eit alvorleg diskusjonstema, men kva når me får sjå skjult kamera frå ei gruppe ekstremistar som sky levande kyr ut frå gigantiske kanoner, eller besøker ein skule som har ein innesperra narkoman for å vise dei skumle sidene ved rusmisbruk i episoden om narkotika?

Ikkje alt fall i smak, mykje skuldast nok at serien dreg på åra. Dei første seks episodane gjekk så langt tilbake som i 1997, medan den siste var ein spesial frå 2001. Den siste var klart morsommast. I blant blir det også for lite humor, men for mykje meiningslaus parodiering.

 

Stengt for kommentering.