Eit knippe levande døde
Her følger tre «Living Dead» filmar av ulike regissørar. I vårt tilfelle av udøde er det snakk om zombiar. «Of the Dead» og «Of the Living Dead» går gjerne igjen i denne sjangeren, som Romero har vore med å etablere gjennom åra. Utgongspunktet mitt var først og fremst å sjå den klassiske «Night of the Living Dead» frå 1968, men eg utvida med andre høgt ansette filmar.
«Night of the Living Dead» (George A. Romero) er den første den første i regissøren si rekke av «of the * dead» titlar. Med eit estimert budsjett på $114.000, som er lite, men på ei anna side mykje til å vere debutfilm, laga Romero eit svart/kvitt zombieepos i kjent form. Opp av nærast ingenting flaumar levande døde og me blir vitne til at ei gruppe motstridande personar må søke ly i eit forlatt hus for å overleve. I ventinga på hjelp pressar stadig kjøtetarane på døra og dumme val blir teke for å provosere og engasjere sjåaren på typisk vis. Ein føler seg ganske smart når ein ser kor dumme alle andre er. «Night of the Living Dead» føles litt billig på enkelte punkt, men gjer utruleg mykje ut av det den har. Dautida midt inni filmen er ikkje til å komme utanom, men stort sett er dette god film.
«City of the Living Dead» er Lucio Fulci sitt bidrag i samleposten. Den er ikkje av dei mest typiske zombiefilmane, men spelar meir på ei overnaturleg kraft som utløysaren til dei dødes tilbakekomst. Alt startar med at ein prest tek livet av seg for å få dette til å skje. Ei gruppe åndelege venner i ein by lengre borte merkar konsekvensane av dette, og parallellt med prestens heimby byrjar ei etterforsking på kva som er i gjære. «City of the Living Dead» leverar mengder av grafisk vald på grusomt vis, og har nok mystikken på plass. Då er det synd at skodespelarane her leverar slett arbeid som tydeleg påvirka heilheitsinntrykket. Musikken, som tatt frå ein «MacGyver»-episode glimtar til i blant med om ikkje direkte gode, så iallfall morsomme trudeluttar.
Braaaaaains!! «Return of the Living Dead» er ein blodig og møkkete affære der dei levande gjennoppstår og begynnar å jakte på fersk hjerne. Nokre kjemikaliar som stammar frå militære forsking er årsaka til bråket som ikkje er så lett å stoppe. Desse zombiane er ikkje som zombiar på film flest, dei bryr seg ikkje om eit skot i hjernen eller høgg i hjarte. Dessutan er dei raske og smarte. Dette gjer at eg som sjåar ikkje irriterar meg over idiotisk oppførsel blant menneska i gruppa i fare som me møter. Vel, nokon av dei er idiotar, men å stå i mot zombiane her er ikkje lett for normalt smarte heller. Det som gjer «Return of the Living Dead» morsom er zombiane som ikkje let seg stoppe, dette fører til mange grusomme og blodige, gjerne over kanten, episodar. Etter kvart blir det derimot litt for mykje skrik og skrål. I lengda held det ikkje heilt mål. Filmen stagnerar og ein veit at det eigentleg ikkje kan skje så mykje meir enn å bli pøsa på med fleire zombiar.
