Six Feet Under sesong 2
13 episodar.
Etter fleire episodar med «Six Feet Under» har serien fått rotfesta seg meir og dramaet når nye høgdar. Så sant det var tid gjorde eg rom for å sjå, noko som har ført til faretruande stor mengde på kort tid.
«Six Feet Under» har ikkje eit handlingsforløp som gjer at eg må sjå vidare for å få vite kva som skjer, men fleire andre kvalitetar som gjer at eg får veldig lyst til å følge med. Utruskap, små løgner, intrigane er menneskelege, og gjennomført på ein slik måte.
HBO bryr seg ikkje alltid om halde kritikk tilbake, og frontar mange ulike saker og synspunkt her. Serien blir tankevekkande og i blant provoserande. Slike verdiar er det kjekt å finne. Men eg vil heller ikkje vektlegge dette for mykje, for det bunnar mest ut i dramaet for min del.
Den andre sesongen står seg ikkje ut på nokon spesiell måte, men er ein naturleg oppfølgar til den første sesongen. I det legg eg som eg nemnte innleiingsvis at serien har fått meir å bygge seg opp på. Flyten er god, for HBO er som kjent ein reklamefri kanal og slepp å kave etter umiddelbar interesse frå folk.
