Filmdagbok
ness
27-mai-2007

Kyle XY sesong 1

10 episodar.

Kyle XY sesong 1Kyle vaknar opp i skogen utan å vite kven han er eller noko av det som har skjedd hittil i livet hans, han veit ikkje namnet sitt heller, så det kan vel godt vere noko anna enn Kyle. Etter ein tur innom eit ungdomssenter hamnar han hjå psykriataren sin familie, der han finn seg til rette.

Det viser seg at Kyle ikkje er heilt normal, hjerneaktiviteten er fleire gonger større enn det som ville gitt eit vanleg menneske hjerneslag. Han er ein meister i å berekne og lære nye ting.

Serien handlar stort sett om jakta på fortida til Kyle og tilpassinga hans til samfunnet. Enkle saker som alle andre tek for gitt stiller han spørsmål til. Heldigvis ikkje til alt som skjer rundt han, det kunne blitt kjedeleg. Fyren er jo også smart.

Ved sidan av dette er «Kyle XY» tydleg eit familiedrama. Fosterfamilien til Kyle spelar nok den viktigaste rolla i serien, og det blir tidt og ofte preika om moral. Kjærleiken renn i strie straumer og ingen utmerkar seg som spesielt gode skodespelarar. Slik er det ofte med amerikansk sommar-tv.

Mystikken er fin. Serien er lett fordøyeleg og med god stemning. Den har tydlegvis slått gjennom for den er fornya og tilbake på skjermen om ei knapp veke. Serien heng godt saman og svarar på dei fleste av spørsmåla som blir stilt. Første sesong kan godt sjåast åleine, sjølv om slutten opnar for ein ny runde.