Filmdagbok
ness
30-mai-2007

The Bridge on the River Kwai (1957)

User Rating: 8.4/10 (34,086 votes)

The Bridge on the River KwaiDavid Lean er ein mann med forkjærleik til store produksjonar og lange filmar. «The Bridge on the River Kwai» er ingen unntak.

Ein britisk tropp er tekne til fange av den japanske hæren som her held til i Thailand. Det er andre verdskrig og arbeidskraft for å fullføre ei jernbane mellom Bangkok og Rangoon er nødvendig. Sjefen over arbeidsleiren med ansvar for å bygge bruka over elva Kwai er ein ond djevel, men det harde taket han har på britane ser ikkje ut til å hjelpe på moralen.

Samtidig som britane og japanarane styre på i leiren har overkommanderande ved kysten andre planar.

Problemet til denne filmen, for å gå direkte på sak, er at den er altfor lang. Mange av klyppa har eigentleg ingen relevans for verken forståelsen av handlingsforløpet eller stemningsskaping. I blant kan eg oversjå at ting går langsomt, men her blir det i overkant - heile vegen. Filmen i seg sjølv er god den, og har ei fin historie. Overfladiske karakterar i stor grad, men i blant glimtar nokre av dei til med sider som gjer at eg ikkje klarar å mislike filmen. Dessutan må vel slutten seiast å vere spennande, her må eg motsei meg sjølv og gi kudos til det langsomme tempoet.

Når eg er nødt til å sitte 2 timar og 40 minuttar for å fullføre noko eg har inntrykk av at kunne blitt meir spennande og like djupt på 1 time og 40 minuttar, så er det vanskeleg å ikkej gjespe. Det er derimot ikkje kjedeleg slik at eg sovnar. Så det er sagt.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10