Filmdagbok
ness
31-mai-2007

Civic Duty (2006)

User Rating: 7.6/10 (223 votes)

Civic DutyRedselen for terroristar var nok størst i USA like etter 11. september 2001. «Civic Duty» hadde nok vore mest aktuell i den perioden. Like fullt handlar det altså om terroisme på sett og vis; Terry Allen (Peter Krause) og hans paranoia ovanfor denslags.

I ein slags moderne versjon av «Rear Window» er det media overalt som gjer Allen svært merksom på naboen Gabe Hassan (Khaled Abol Naga) sine aktivitetar i leiligheita ved sidan av, og tek på seg oppgåva å vere «the eye and the ears» for samfunnet sitt.

Til denne reindyrka thrilleren, som heller ikkje gjer noko stort ut av seg, var det unaturleg for meg å ha forventingar. Med skodespelarar frå tv, Krause er kul, men har mangel på ansiktsuttrykk og karisma, var eigentleg grunnlaget satt. Det skal då nemnast at det var på grunn av Krause («Six Feet Under» og «The Lost Room») at eg la merke til filmen.

Dette er ikkje ein dårleg film, men mangelen på originalitet har satt spor i produksjonen. Som ikkje ser ut til å vere spesielt påkosta. Regissøren har hatt sans for detaljar utan å røpe seg. Filmen er ikkje direkte forutsigbar. Nokre rare vendingar øydelegg litt av gleda mot slutten. Før den tid har filmen sine spennande stunder. Likevel forsvinn dei i ei laber heilheit. Den er rik på inntrykk og ikkje minst tankevekkande. Kanskje litt over kanten i enkelte situasjonar, men slik er jo ofte film.

Eg sit igjen med inntrykk av å ha sett noko heilt ok, verken spesielt bra eller dårleg.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Stengt for kommentering.