Filmdagbok
ness
22-mai-2007

Heroes sesong 1

23 episodar.

Denne serien er del av Sesongavrunding veke 21

Sesongavrunding

… og skjult frå framsidevisning i Filmdagboka.

 
ness
20-mai-2007

Red River (1948)

User Rating: 7.9/10 (6,100 votes)

Red RiverLitt western her i kveld, og det med store namn som John Wayne og Montgomery Clift på plakaten. Filmen er forøvrig regissert og produsert av Howard Hawks, ein mann som eg endå har tilgode å argumenter i mot. Eg nemnte forsåvidt etter å ha sett «Scarface (1932) at Hawks var ein mann eg hadde null problem å leite opp igjen seinare.

I «Red River» møter me Thomas Dunston (John Wayne), ein mann som gjer ting på sin måte og ikkje er vits å prøve å overtale til å endre meining. Besatt på å blir stor på kvegdrift gjennomfører han målet sitt, men det er dårleg etterspurnad på kveg i Texas-traktene. Han bestemmer seg difor for å drifte kveget 1000 miles gjennom tøff natur og indianarland, i mot alle sine oppfordringar om å la vere.

Dette er stort sett filmen. Ikkje mykje skal til for å tenke seg til at det blir trøbbel av ulik karakter på vegen. Trøbbel og ein solid dose testosteron. Altså med menn som er tøffe og har pistolar. Filmen er heller ikkje blotta for psykologien. Påkjenningane kan følast frå gruppa som driv kveget, i eit breidt spekter som gjer denne sida av filmen alt anna enn monoton.

Tøff i massevis. Ei god framstilling av menn under press. John Wayne. Osv. Eg trur eg har fått fram poenget mitt, dette fall sjølvsagt i smak.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
19-mai-2007

Breaking and Entering (2006)

User Rating: 6.5/10 (1,715 votes)

Breaking and EnteringSjelden ser eg film og drikk vin samtidig. Det kan hende eg ser tv-serie etter å ha vore ute på byen, men sjelden ser eg film i berusa tilstands. Berusa høyres uansett så alvorleg ut, så eg vil heller påstå eg var i god stemning når eg såg denne filmen.

Traileren fanga meg umiddelbart, likevel om eg ikkje heilt visste kva dette ville gå ut på. Eg har gått å venta på å få sett filmen nokre veker no, kanskje eit par månader, og endeleg fekk eg gjort det.

Jude Law og Juliette møtes i det som er både eit romantisk og komisk drama, men kanskje mest thrilleraktig, satt til eit moderne London. Law er arkitekten, viss kontor blir robba av sonen til -rolla.

Grunnen til at dette fall så godt i smak var tempoet og stemninga filmen skapte. Vanlegvis forventar ein eit visst forløp i filmar etter å ha sett ein trailer. «Breaking and Entering» klarte å halde forventingane på avstand og eg var ganske open til kva filmen hadde å by på.

Tempoet som sagt. Det er ganske lågt, og alt går jamnt framover. Lite blir utheva eller satt på spissen, så dette er altså ein film eg rekna med den kravstore, fartsglade filmsjåaren ville ha karakterisert som kjedeleg. Eg derimot, elskar å kunne sjå ein film som kryp innpå meg og klarar å skape ei småmorsom, dramatisk og litt romantisk stemning utan å trekke på klisjeane.

Framstillinga av London her er dessutan i retninga eg hugsar byen frå nokre år tilbakes, når eg var innom der. Ein by der enkelte deler er under oppussing og ombygging var det som møtte meg, og er det som blir framstilt i denne filmen. Sjølvsagt er det dei menneskelege relasjonane som er den viktagste ingrediensa her, og magien, eller kanskje å sei forholda mellom personane er rettare, fungerar på ei vis som ein sjeldan ser på film. Forventingane til at ein film slår ting opp er kanskje grunnen til dette. Eg likar derimot å få ein film som gjer ting eg på eit sjeldan vis ser, det fekk eg her.

Om ein skulle mislike Jude Law bør ein halde seg unna «Breaking and Entering», for det er Jude Law som i stor grad ER filmen. Han er i mine auge ein utmerka skodespelar, så lenge han får dei rette rollane.

Dette blei over gjennomsnittleg langt, kanskje litt fram og tilbake, men eg håpar at det kom tydeleg fram at dette er ein film utanom det vanlege. Eit drama utanom det vanlege. Og at det fall godt i smak her. Den klarar å røre ved gledeskanalane og tårenervene, som er sterkt!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
18-mai-2007

Metropolis (1927)

User Rating: 8.4/10 (20,345 votes)

Metropolis 1927Ein mektig mann styrer byen, arbeidarklassen blir drive knallhardt. Son til kanskje byens mektigaste mann finn ut kva harde metodar faren køyrer og vil gjere noko med det.

«Metropolis» er byen der maskiner gir det viktigaste arbeidet. Det er og ein by der misnøya for arbeidarsgivaren er stor og grensa arbeidarane treng noko å sjå fram til. Den mektige mannen, Fredersen, er derimot skeptisk til andre formar for aktivitet enn jobbing.

I 2001 blei «Metropolis» restaurert og tillagt eit nyinnspelt lydspor. Mange ulike versjonar har eksistert ettersom ein fjerdedel av filmen har forsvunne og filmen har blitt omredigert. Utgåva i The Masters of Cinema Series er så nær lik filmen som i 1927 hadde premiere. Frameraten er justert så bevegelsane blir mest mogleg naturlege og tapt foto har blitt erstatta med korte, forklarane tekstsnuttar på skjermen. Så var det lydsporet. Den originale scoren blei spelt inn på nytt i forbindelse med restaureringa. Ingen ting å utsette på DVDen altså!

Lite har eg å utsette på sjølve filmen heller. Sjelden ser eg stumfilm, så opplevelsen har ekstra effekt. Å gjere seg forstått med oversminka ansikt for å framheve følelsar og kroppspråk for å få fram handling er ikkje mindre enn ein kunst. «Metropolis» er gigantisk i måleståkk, og kulissene er ein fryd for auge. Med sprø vitskapsmann, paranoid herskar, friheitstalarinna og arbeiderklassen på plass er det ingenting å utsette på hendingsforløpet. Det einaste problemet til ein så lang stumfilm (2 timar) er at orkestermusikken etter ei stund misser litt av magien. Heldigvis repeterar ikkje filmen seg, men viser heile vegen kva den vil.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
18-mai-2007

Smallville sesong 6

22 episodar.

Denne serien er del av Sesongavrunding veke 20

Sesongavrunding

… og skjult frå framsidevisning i Filmdagboka.

 
ness
18-mai-2007

Sesongavrunding veke 20

Fleire av seriane eg følger fast med på har hatt si sesongavslutning denne veka, og for å spare meg for antall innlegg har eg kutta ned på tekstmengda for kvar enkelt serie og sveisa saman ein samlepost.

How I Met Your Mother sesong 2

How I Met Your Mother sesong 2Forventingane til ein serie som denne er aldri dei største. På linje med sitcoms som «Friends» og «Two Guys,a Girl and a Pizza Place» er det enkeltepisodar som bestemme, heilheita blir aldri basert på noko samanhengane historie. «How I Met Your Mother» skapar ein falsk raud tråd ved å la serien vere eit einaste tilbakeblitt i seg sjølv, utan at det har noko å sei. Dette er New York anno 2007. Som enkel komedie klarar serien seg, men haltar om ein ser meir nøye etter. Skodespel og karakterar er overfladisk, innslag av gode punchlines her og der reddar derimot serien. Dessutan må nok den hyggelege drittsekken Barney vere verdt ein serie i seg sjølv. Diverre held ikkje serien mål frå første sesong, det har blitt for mykje nøling og for lite humor.

Scrubs sesong 6

Scrubs sesong 6Eg hadde klart for meg kva eg skulle skrive til det som inntil minuttar før eg angreip sesongfinale var meint som mine siste ord om serien. For då fann eg ut at det er gitt klarsignal for ein sjuande sesong. Eg har uttrykkt tidlegare at «Scrubs» har halde seg godt gjennom alle sesongane, og gitt ei stadig utvikling utan at det har gått utover humoren. Miksa elegant med ein dose drama har skaparane klart å gi karakterane djubde, og eg har etterkvart blitt nokså knytta til serien. Sjølv om eg føler det er på tide å gi seg har eg trua på at dei skal klare å presse ut endå ein god sesong. I forhold til dei tidlegare sesongane har denne blitt meir vaksen og blandinga av humor og alvor har glidd meir over i kvarandre, dette har gitt eit godt inntrykk av at eg ikkje ser opp igjen det same gamle.

The Office sesong 3

The Office sesong 3Tredje runde med denne serien held seg godt sjølv om tilknytninga ved å sjå dei to første sesongane samanhengande så smått er forsvunne, pluss litt for mange pausar innimellom. Likevel er «The Office» ein serie som står støtt på vekeleg basis. Dei svakaste episodane er middels gode på sitt dårlegaste, dei gode er blant det beste innan komiserie. Iallfall likar eg å tru det. Så har den skuffa, eller held det seg? Eg vel den gyldne middelveg om eg skal samanlikne med dei førre sesongane. Det kan sjå ut som serien har nådd toppen sin og aldri vil nå opp igjen til det punktet eg var mest inne i serien. Men forkaste den? Det vil eg ikkje. For «The Office» gir seg ikkje endå, ein fjerde sesong vil komme. Har du lese og lurar på kva eg snakkar om, ettersom Ricky Gervais driv med heilt andre saker for tiden, så er det sjølvsagt den amerikanske versjonen eg har plapra i veg om.

Smallville sesong 6

Smallville sesong 6Supermannhistoria er skrive for lengst. «Smallville» har nok gjort sine eigne variantar undervegs, men det har vore lite tvil om kva retning det har skulle tatt. I løpet av sjette sesong har dei sterke antydningane til ondskap hjå Lex Luthor fått eit ansikt, vegen mot fiendskap utan sjanse for tilgivelse har møtt sitt endepunkt. Fleire skapningar frå «Supermann»universet har fått sin inntreden i løpet av året, der alternative «Smallville»variantar av oppstanden til desse har blitt presantert. Ungdomsserien som dette var har forandra seg, utan å gi slepp på at det er «Smallville» me fortsatt får. I si heilheit er ikkje denne sesongen noko revolusjonerande. Den er verken den beste eller mest overraskande hittil heller, og ei stund tok eg ein pause fordi det var ein slapp periode. Utover mot slutten tok den seg likevel opp igjen, sesongfinale var eksplosiv og nemneverdig som vanleg, og det avslutta med sitt vanlege «To be continued…».

 
ness
18-mai-2007

The Office sesong 3

25 episodar.

Denne serien er del av Sesongavrunding veke 20

Sesongavrunding

… og skjult frå framsidevisning i Filmdagboka.

 
ness
18-mai-2007

Scrubs sesong 6

22 episodar.

Denne serien er del av Sesongavrunding veke 20

Sesongavrunding

… og skjult frå framsidevisning i Filmdagboka.

 
ness
17-mai-2007

Twin Peaks sesong 2

22 episodar.

Twin Peaks sesong 2Sesong 2 av «Twin Peaks» lot vente på seg. Rundt 5 år tok det frå sesong 1 kom på DVD, til sesong 2 del 1. Mange har venta og venta, sjølv hadde eg mitt første møte med serien hausten 2006, så det funka.

I januar kom sesong 2 del 1 ut, 11 episodar, og eg hoppa på toget. Så gjekk det fire nye månader til sesong 2 del 2 kom. Poenget er at eg har sett serien i tre omgangar; noko som kan ha påvirka opplevelsen av den andre sesongen.

Sesong to tek opp tråden der den blei sluppe, og etterforskinga på Laura Palmer-mordet fortset. Eg vil påstå at serien har like høg intensitet, god stemning og bra kvalitet heilt fram til midt ut i sesongen. Det er her skaparane har bestemt seg for å løyse hovudmysteriet, for så å ta tak i mange nye rare.

Eg mista umiddelbart litt av interessa allereie i sesong 2 - del 2. Serien er fortsatt god, men ikkje den «Twin Peaks» eg kjente til og som tidlegare utmerka seg som ein av dei beste seriane eg har sett. Det er i samanlikninga den største skuffelse ligg. Dette førte til at det har tatt meg nokre veker å sjå gjennom episodane. Ved utgangen spør eg meg sjølv om det eigentleg var verdt det.

For store fans av David Lynch er det sikkert ingenting å utsette på dette. Sjølv har eg eit middels forhold til mannens mysterium og surrealisme, likevel om eg let meg imponere over den kunstnariske og djupe bruken av bildemediet til å framstille ei blanding mellom gåter, følelsar og så utruleg mykje anna som eg ikkje kan sette fingeren på.

Som spesiell opplevelse er det nok verdt å sjå ferdig serien. Er ein derimot blitt fan av «Twin Peaks» på grunn av Laura Palmer-drapet, kan ein trygt gi seg etter 11 episodar av sesong to, dvs. etter 18 episodar totalt.

 
ness
17-mai-2007

The Treasure of the Sierra Madre (1948)

User Rating: 8.5/10 (16,787 votes)

The Treasure of the Sierra MadreDen siste filmen før eg hoppar eit lite stykke ned på lista og ser den siste IMDb top 250 for denne gong, var ingen ringare enn John Huston sitt eventyrwestern med Humphrey Bogart, Tim Holt og senior Huston, Johns far Walter Huston.

Tre fattige dagdrivarar møtes i ein by i nordre Mexico, sler seg saman og reiser ut i villmarka for å finne gull. To ferskingar i følge med ein eldre, erfaren gullgravar. Under ekspedisjonen møter dei vanskelege hindringar, både fysiske og mentale.

«The Treasure of the Sierra Madre handlar om eit enkelt gulleventyr frå start til slutt. Gjennomført på elegant vis klarar heile filmen å halde interessa eller spenninga oppe, då hindringa er av svært ulik karakter.

The Treasure of the Sierra Madre bildeDet skadar heller ikkje å ha skodespelarar i topp klasse med seg på laget, som kvar får utdelt ein psyke ein berre finn i filmar som kombinerar godt manus med ein god regissør til å hente ut skodespelarane sitt potensiale.

Eg storkoste meg gjennom filmen. Kanskje er den ikkje den mest typiske westernfilmen, eller så er det mine kunnskapar og erfaringar med sjangeren som er begrensa, dette slo iallfall i gjennom her. Eg kan godt tenke meg å sjå fleire filmar lik denne.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10