Filmdagbok
ness
16-mai-2007

M (1931)

User Rating: 8.5/10 (20,598 votes)

M«M» er ein film av den evigaktuelle sorten, sett i moderne siviliasjons perspektiv. Det handlar om pedofili og ringverknadane av ei slik sak, når ein farleg mann skapar oppstyr ved å bortføre små jenter.

Filmen kom ut i 1931 og er Fritz Lang sin første film med tale. Lydsporet er i blant fråverande, som får det til å virke som ein stumfilm, før stillheita blir broten igjen av ei stemme eller eit bilhorn. Kunstig støy til tross, dette gjer ingenting, men blir interessant sett i filmteknisk utvikling.

Handlinga baserar seg på reaksjonane ulike instansar som folket, politiet og dei kriminelle har til mediemerksemda når ein farleg pedofil drapsmann bortfører jente nummer åtte på få månader. Ei grundig jakt etter mannen blir satt i gong, og folk generelt er skeptisk til alt og alle.

Parallellar til vår tids jakt på terroristar kan trekkast. Med så mange mediekanalar er det vanskeleg å skape eit så gjennomtrengande engasjement for ei enkelt sak. Men jakta på terroristar har gjort seg utmerka og utvilsomt fått fleire ringverknader som påverkar enkeltpersonen i samfunnet.

Temaet «M» tek opp er langt i frå dødt, og vil stadig komme tilbake på film der det vil gjere sterke inntrykk. «M» held seg godt fordi den er direkte og relativt open på dette temaet. Det er ingen problem å sette seg inn i tidsepoken eller miljøet, for «M» føregår i ein moderne by. Den moderne byen, tross teknologiske vinningar, er ikkje så ulik frå den gong.

Det kjem forhåpentleg fram her at eg likte «M». Den er god på mange sett. Er det noko som gledar så er det filmar med det meste på plass. Sjølve handlinga og tema er ingen gledeshistorie, men vil for alltid vere noko eg ser på avsky med og blir engasjert av. Det tekniske her er litt rustent i kantane, men overgongar og klypping viser stort potensiale.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
15-mai-2007

The Third Man (1949)

User Rating: 8.5/10 (28,771 votes)

The Third ManI trange gater, mellom utsmykka murbygningar og haugar av ruinar i etterkrigstidas Austerrike, vandrar westernforfattar Holly Martins (Joseph Cotten). Hans venn Harry Lime er årsaka til at Holly er i denne delen av verda, for han fekk tilbod om arbeid. Men ved ankomst til Wien viser det seg at Harry er død.

Holly merkar ugler i mosen og vil gjerne ha eit klart svar årsaka til Harry sin død. Under ei forhøyrsrunde mellom ulike vitne begynnar det å danne seg eit anna bilde av situasjonen enn offentlegheita har servert.

«The Third Man» er kjent for utprega kamera. Store deler av filmen er tatt opp med kamera på skrå, både vanlege dialogscener og spenningsfyllte utandørsscener. Saman med eit sitarprega lydspor blir det rike Wien-miljøet ekstra overveldande.

Elles må eg nesten nemne bruken av lys og skuggar, som på svart-kvitt blir ekstra markert, ekstra stemningsskapande. Det tekniske er ingenting å utsette på. Ikkje spenninga heller når det er så godt gjennomført. Jakta i kloakken utover i filmen er ein av dei betre sjølvstendige sekvensane eg har sett på ei stund.

Ein anna ting eg la merke til er bruken av tysk språk. Holly Martins er sjølv engelsktalande og forstår ikkje tysk, så dette var ein effektiv måte å framandgjere Wien for han til publikum. For oss som forstår litt tysk, så gir den faktisk meining, men er ikkje nødvendig å forstå.

Mange småting er med på gjere «The Third Man» til ein god film. Det kjem tidleg fram kva filmen vil, og sjølv om den haltar litt ei stund kjem den seg godt på beina etter kvart.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
15-mai-2007

How I Met Your Mother sesong 2

22 episodar.

 
ness
15-mai-2007

Extras sesong 1

6 episodar.

ExtrasRicky Gervais, mannen bak britiske «The Office» er også stjerna i denne serien. Som statist på jakt etter gjennombrotet som skodespelar går han og venninna Maggie frå sett til sett.

Episodane er bygd opp hovudsakleg rundt ein sett, eller ein produksjon kvar, og her dukkar gjerne stjerner som Kate Winslet eller Ben Stiller opp som seg sjølv - med ein twist.

Humoren til «Extras» er mykje basert på flaue hendelsar, og det fall aldri heilt i smak hjå meg. Iallfall ikkje før ut i femte episode, då hadde eg fått akkurat nok tak på dei to hovudkarakterane til at serien gjorde seg.

Så problemet blir at serien legg seg på eit altfor lågt nivå. Eg får med meg at humoren blir forsøkt lagt på eit anna plan enn one-liners og catch-phrases og slikt, men eg har rett og slett ikkje sansen for den overflaue situasjonen som grunnlag.

Likevel, eg såg heile sesongen, kort som den var. Og det er jo ikkje dårleg laga, det er ein solid idé og alt det der. Men fall aldri i smak.

 
ness
14-mai-2007

To Kill a Mockingbird (1962)

User Rating: 8.5/10 (47,133 votes)

To Kill a Mockingbird«To Kill a Mockingbird» er filmatiseringa av den Pulitzervinnande boka av Harper Lee med same namn. Billedgjort av Robert Mulligan vann filmen sjølv nok av prisar, deriblant 3 gjeve gullstatuettar (Academy Awards).

I dei ymse samandraga eg las før eg såg filmen fekk eg inntrykk av at det heile dreia seg om omstendigheitene rundt fengslinga og rettsaka til ein svarthuda teke for valdtekt, satt til ein amerikansk småby på 1930-talet. Det som ikkje kom fram i desse samandraga var at den største delen av filmen faktisk er via til den svarthuda mannen sin advokat sine to barn, og opplevelsane deira på den tida. Noko som strekker seg breiare enn berre rettsaka og det der.

Me får nesten to filmar i ein med denne. Det er på truverdig måte nysgjerrigheita til desse to ungane, som er på rundt og under 10 år, blir framstilt. Ikkje ofte når eg ser barn på film tenker eg at det var faktisk sånn eg sjølv opplevde å vere liten. Denne nysgjerrigheita på det meste er nok med på å legge grunnlaget for nettopp kvifor dei etter kvart kjem seg til rettsaka som tek eit stykke av filmen.

Sjølve rettsaka er ikkje blant dei beste på film. Men den er kortfatta og får fram dei viktige poenga, og utviklar seg på ein god måte.

Det blir likevel beskrivelsen av barndommen som gjer det beste inntrykket i filmen. Sjølv om eg ikkje vil undervurdere den tragiske undertonen. At dette er ein film om barn og med barn i dei viktigaste rollane, betyr ikkje at det er ein film for barn. Tema som død, valdtekt og tilbakeståande blir teke opp, gjennom eit barn sine auger.

Elles kan det nemnast at dette er Robert Duvall sin debutfilm, han gjer ei lita rolle utan tale.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
13-mai-2007

Paths of Glory (1957)

User Rating: 8.5/10 (23,375 votes)

Paths of GloryDet går systematisk nedover IMDb top 250 om dagane, og på den vegen møter ein gjerne både gode overraskelsar og mindre interessante filmar. I dag var det duka for Stanley Kubrick og hans krigsfilm med Kirk Douglas i hovudrolla.

«Paths of Glory» er meir enn noko anna ein film som rettar blikket mot urettferdig behandling i militærsystemet. Det er første verdskrig, og me befinn oss på grensa mellom franske og tyske troppar. Eit kompani leia av løytnant Dax (Douglas) får ordre om å utføre eit meiningslaust oppdrag.

Dette utviklar seg til å bli ein håplaus kamp mot dei overordna, me får sympati for dei underordna, blir servert mange argument for og i mot dei tilsynelatande meiningslause ordrane, og blir vitne til mange idiotiske trekk frå høgare offiserar. Likevel er ikkje dette berre ei tilsmussing av offiserar si ære og sympati for dei kloke underordna. Det kjem fram at krig er komplisert, og at i blant må offiserar me ikkje likar gjere ting som er idiotiske, paradoksalt nok.

Iallfall framstod «Paths of Glory» for meg som ein djupare film. Uansett kor mykje eg måtte mislike militære autoritetar er det noko ved dei her i filmen som eg ikkje heilt klarar å oversjå. Så definert at eg kan sette fingeren min på det er det heller ikkje. Så skulle nokon spørje kvifor eg fekk dette inntrykket ville eg nok ikkje kunne sagt stort. Men eg klarar ikkje avfeie alt snakket deira som vrøvl.

Dessutan er filmen kort og presis, og veit når det skal gi seg. Det er jo eit stort pluss, når det ikkje går utover temaet.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
12-mai-2007

Big Train sesong 1

6 episodar.

Big Train«Big Train» er eit ganske standard, britisk sketsjprogram. I det legg eg at kvaliteten på sketsjane varierar i veldig stor grad. Nokon er morosamme, men for lange. Andre er uforståelege. Nokon er faktisk ganske bra. Det er desse siste som gjorde sitt til at eg enda opp med å pløye meg gjennom første sesong. For eg var litt i tvil heilt i starten.

Dessutan er det artig å sjå Simon Pegg og Mark Heap samarbeide på eit tidlegare stadie enn «Spaced» (som eg nyleg såg). Begge to er blant mine favorittbrittar for tiden.

Christopher Morris har hatt ein finger med i spelet under produksjonen av «Big Train», men ikkje i så stor grad som han hadde med serien «Nathan Barley» (den fall meir i smak). Eg kan spekulere om det er difor eg tvers over er litt skuffa over «Big Train».

 
ness
12-mai-2007

Apocalypse Now (1979)

User Rating: 8.5/10 (99,066 votes)

Apocalypse Now ReduxLaurdagskvelden var satt av til eit formål, nemleg å få sett «Apocalypse Now». Ikkje nok med det, det var Redux-versjonen som skulle sjåast, som er cirka 50 minuttar lengre enn den originale.

Mest av alt forventa eg meg ein krigsfilm i tradisjonell forstand, med helten som overleve på ei slagmark eller noko som involverar kamp etter kamp etter kamp. Altså var det ikkje med dei mest positive tankane eg satte i gong, for eg er ingen tilhengar av slike krigsfilmar.

«Apocalypse Now» var derimot meir, og eg må ha oversett regissørstillinga til Francis Ford Coppola når eg trudde dette skulle bli ei mengde med skyting og eksplosjonar.

Fokuset på filmen ligg på kaptein Benjamin L. Willard (Martin Sheen), ein mann som har gitt opp ei liv utanom Vietnamkrigen. Ei prega sjel som tross ei relativt cool holdning er ved sine fulle fem. Han får eit spesialoppdrag som inneber ei lang reise oppover Nungelva, og storeparten av filmen beskriv denne reisa.

Naturlegvis ligg det utfordringar langs vegen. Robert Duvall er kanskje den mest sitatvennlege av desse med orda «I love the smell of napalm in the morning». Men ikkje alle møta undervegs er direkte utfordringar sånn sett, men bilde som skal gi oss inntrykk for å kunne gi oss ein idé av Willard si karakterutvikling.

Rik på inntrykk, men med mange lange, kjedelege sekvensar som øydelegg ein elles god film. «Apocalypse Now» er ein film som kan vere lang, men Redux er altfor lang. Korleis den originale utgåva er har eg tilgode å finne ut, men noko seier meg at det ikkje blir på nokre år.

Martin Sheen

Noko anna eg sakna innimellom var fråveret av forteljarstemma som så godt set stemning på andre deler av filmen. Denne er av Martin Sheen sjølv, og tek for seg tankane han gjer seg om ymse undervegs. Ein nemneverdig del av filmen som er med å hevar inntrykket.

Eg veit ikkje heilt kva eg eigentleg synst om filmen. Den er godt laga og har mange gode deler, men blir for lang. Difor tek eg avstand frå den vanlege ein-linjer-avslutnings-vurderinga mi, og håpar eg i det minste har gitt eit inntrykk av kva eg meinar om filmen i avsnitta over.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
11-mai-2007

It’s a Wonderful Life (1946)

User Rating: 8.6/10 (60,267 votes)

It’s a Wonderful LifeJames Stewart er ein av dei skodespelarane som har tendens til å dukke opp i klassikarane eg ser. Ingenting mystisk ved dette, ettersom han var stor ein gong i tiden, og forsatt er på mange måtar. Og at eg gjerne satsar på filmar som blir annerkjent av andre.

Hittil har ingen av filmane hans skuffa meg, men ein gong måtte bli den første. Ikkje alle filmane på IMDb top 250 kan falle i smak, «It’s a Wonderful Life vart på mange måtar rein plankekøyring. Det meste er på plass, men likevel er filmen kjedeleg.

Kvifor kjedeleg? Jo, veldig lite skjer før filmen når biten nemnt opningsvis, det er derifrå den er interessant. Klart at filmen treng tid på å etablere situasjonen til George Bailey (Stewart) som eit rikt, men økonomisk underlegent menneske for å gi den rette verknaden. Eg har heller ingenting i mot ein film som tek for livet til ein person som det er. Men «It’s a Wonderful Life prøver på meir i tillegg, og det lykkast den ikkje heilt på. Frustrasjonen til George ligg der under overflata, men kjem for lite fram. Når me når vendepunktet virka det litt som ei kanin dratt opp av hatten.

Det skal ikkje meir til enn dette for å gjere filmen tam, og middels, iallfall ikkje for meg. I ein klassikarstatus ligg gjerne andre forutsetningar til grunne, og for alt eg veit kan slikt vere med å definere denne filmen. Uansett, for meg er dette ein vanleg film, uavhengig av tidsepoke, og ut frå det skuffar den.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
10-mai-2007

Spaced sesong 2

7 episodar.

Spaced sesong 2Andre sesong av denne britiske serien tek den opp på den gode nivået. Ikkje at eg har noko å utsette på første sesong i grunn, men med desse sju ekstra episodane har eg fått sett akkurat nok til å bli pittelitt frelst.

Ein av dei tinga eg kom til å tenke på etter kvart var kor utruleg god musikkbruken faktisk er her, og ikkje minst lydeffektane. Ganske vanlege sjangernytta lydar blir her brukt på ein stemningsskapande måte til sekvensar som eigentleg ikkje er så spesielle.

Eg var såvidt innom klippinga i forbindelse med første sesong, og må vel berre understreke at Edgar Wright har utvikla seg ørlite vidare og set komposisjonane endå meir på spissen. Klisjear blir nok brukt, men også ungått på strategiske plassar så det heile føles godt konstruert.

Synd at serien gav seg etter desse 14 episodane, men betre å gi seg på topp enn å dra det heile ut i evigheiter. Og det er ikkje som om Pegg / Wright har gitt seg med parodiering og referering. Les Shaun of the Dead / Hot Fuzz.