Tilbake i januar starta Fred Ut ein stafett, 10 TV-seriar du må sjå før du Dauer, med eit ganske sjølvforklarande innlegg. Å lage det same når det gjeld film er ikkje like enkelt, men å snu på det og lage ei liste over verste filmar er både enkelt, og ikkje minst nyttig. At eg i heile tatt har sett filmane er vel berre eit vitne om dårleg dømmekraft.
For å ta det først som sist, lista kunne nok vore ein del lengre om eg hadde gitt meg tid til å reflektere over alt eg har sett gjennom åra, men det går vel an å lage ei ny liste med tid og stunder. Den som føler for å ta over stafettpinnen kan gi eit pip i kommentarfeltet.
10. Scary Movie 4
Ingen av filmane i denne serien har vore spesielt gode, men dei har som regel hatt eit par morsomme scener på lur, utan at dei nødvendigvis heng saman. Denne filmen var eit einaste langt sukk.
9. Saw III
I blant blir ting verre når ein blir overvelda av medkjensle for seg sjølv enn å sjå på mennesker terrorisert på skjermen. «Saw» var aldri noko anna enn den eine grusomheita etter den andre, og denslags går ein fort lei. Dei burde sagt stopp etter den første filmen.
8. Satyricon
Eg vil kanskje erte på meg Federico Fellini fans med dette valet, men eg har vel aldri vorte så trøytt og samtidig følt så mykje avsky som av dette.
7. Smokey and the Bandit
Raske bilar på film er både vel og bra, men som motstandar av det meste Burt Reynolds står for, og når Sally Field eigentleg ikkje er spesielt pen, når filmen består av dei dummaste slapsticks og dei tynnaste karakterane, når musikken stikk som knivar oppover ryggen, då er ikkje eingong raske bilar nok til å vege opp.
6. Puff, Puff, Pass
Stonerkomediar går som regel greitt i gjennom for meg, men det var vel heller tragisk.
5. Poseidon
Ideen bak denne remaken frå 2006 er i og for seg god, det er då synd at det heile forsvinn bak ei sky av spesialeffektar, karakterar utan karisma og idiotiske, forutsigbare avgjersler som kan øydelegge det meste. Her er ingen trykkande stemning som tilseier at båten ligg opp ned og er i ferd med å synke. Dessutan full av faktafeil.
4. Date Movie
Moviefamilien har fått eit par plassar på lista, men kunne lett fått ein til om eg hadde sett «Epic Movie», noko eg har klart å la vere. «Date Movie» er det dårlegaste eg har sett innan parodiering og kan lett målast med det verste frå «Mad TV».
3. Biggles
Basert på personen frå bokserien har det blitt laga ei blanding av det verste ein kan oppdrive frå 80-talet. Den verste musikken, det verste skodespelet, idiotisk historie bygd opp på banalt vis med grusomme spesialeffektar. Eg blei mildt sagt utruleg skuffa av dette mølet.
2. SuperBabies: Baby Geniuses 2
Den gongen eg var ung og dum(mare) snubla eg over IMDb Bottom 100. Øverst på den lista trona denne filmen og eg tenkte det kunne vere artig å sjå kor dårleg den dårlegaste filmen var. Det må vel seiast at den plassen var fortent.
1. Star Wars Holiday Special
Førsteplassen var klar. Eg har nemnt det eit par gonger i Filmdagbok tidlegare, eg har aldri vore i tvil om at denne filmen er den absolutt verste drittklumpen nokon sinne. Den er 10 hakk under dårleg morosam, den får ein til å slite i håret og ønske … mørke ting (eg stoppar her). Kvifor har eg sett den? I ettertid skulle eg ønske eg visste. Sjå på smilet til wookien til høgre og tenk deg å vakne opp til det smilet kvar dag resten av livet, bli etterfulgt av smilet heile dagen og ha eit wookiestønn som rumlar konstant i øyret.

(0 hittil)