Das Boot (1981)
User Rating: 8.4/10 (43,373 votes)
To ting som eg finn vel verdt å nemne i forbindelse med denne filmen er som følgande: Grunna støy i ubåten er filmen opprinneleg dubba, til både tysk og engelsk. Eg såg den engelske versjonen, sjølv om eg alltid elles er i mot å sjå film på anna enn originalspråket (dette gjeld óg animasjonsfilm). Så er filmen nærmare 3t 20min lang, noko som førte til at eg såg filmen i tre etappar (morgon, ettermiddag, kveld).
«Das Boot» er ein tysk ubåtfilm satt til 2. verdskrig. Me følger mannskapet ombord i ein enkelt ubåt. Det handlar om situasjonen på ubåten, presset og den nervøse stemninga som påvirka så mange ulike folk med einaste felleseining at dei er på ubåten.
Her er det overraskande lite politikk og direkte kritikk av naziregimet til å vere ei så høgt annerkjent krigsfilm. Det er meir fokus på heltane våre, og som publikum strevar eg med eit ambivalent forhold til seinkinga av britiske kryssarskip. Kven kan nekte ein solid gjeng som ubåtmannskapet her ein opptur? Her ligg litt av styrken til filmen, at den ikkje ser så mykje på det store bilde om kven som er god og ond. Noko kritikk skin derimot igjennom her og der.
Stemninga som det miljøet på ubåten skapar gjer nok brorparten av filmen for min del. Rikt på inntrykk og veldig realistisk. Skittent, fuktig og trangt. Eg tenker ikkje ein gong på at det er eit filmsett, så realistisk føles det. Wolfgang Petersen har klart å få til alt som han mislykkast med i nyinnspelinga av «Poseidon».
Så er eg tilbake på det som eg snakka om innleiingsvis. Filmen tek seg god tid. Sjølv om eg ikkje prøvde å sjå den samanhengande vil eg anbefale den oppdelt. Det gir tid til å la personar, handling og miljø synke. Eg har ein idé om at dette heva inntrykket mitt av filmen, for eg ser ikkje på den som litt for lang eingong. (Det finst dessutan ein miniserieversjon på ca 5 timar).
Når det gjeld dubbinga må det seiast å vere noko av det beste eg har sett. Men det vil aldri bli naturleg å sjå tyskarar snakke engelsk. Det viktigaste var at stemninga forblei god her, og dubbinga øydelagte ingenting for meg der.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

«Das Boot» bør aldri sees på annet enn tysk, og – spør du meg – bør den også sees i én sitting (ikke deles opp). Du skal bl.a. være klar over at det engelske lydsporet innholder mer dialog enn det tyske, for å servere med teskje det som er forståelig utfra bildene. Se f.eks. kryssingen av Gibraltarstredet på engelsk og tysk, så skjønner du hva jeg mener.
Film generelt bør ikkje sjåast oppstykke, men til denne står eg på mitt og har ingen innvendingar mot det. Eg kan ikkje bekrefte om det heva inntrykket mitt eller om den hadde blitt betre å sett den samanhengane, meining med film er jo det sistnemnte. Det vil vel forbli uvisst i lang tid framover, det er vanskeleg å sette seg ned igjen med ein så lang film uansett kor god den er.
Så det er sagt, blir den sett opp igjen så blir det samanhengane med tysk lydspor, Stian! :)