High Noon (1952)
User Rating: 8.3/10 (19,150 votes)
I denne westernfilmen med Gary Cooper som nygifta og nyleg avgått marshall blir det klart at ein tidlegare bråkemakar ved namn Fred Miller er på veg tilbake til byen med toget kl 12.00.
Marshall Kane (Cooper) ser det som si plikt å stå i mot Miller, og brukar dei siste minuttane før møte til å prøve å overtale folk å vere med.
«High Noon» føregår tilnærma i sanntid, og blir meir og meir spennande etter kvart som tida går, og klimakset er sjølvsagt møte mellom Kane og Miller.
Før den tid er dette ei forteljing om ein mann som føler eit ansvar ovanfor byen som ingen andre ser ut til å forstå. Dei fleste er nok enige om at han er den beste marshallen byen har sett, men er ganske feige når det kjem til å bestemme seg på så kort tid.
Dette er ikkje den beste westernfilmen eg har sett, men klarar veldig godt å skape eit inntrykk av tid. Den tek ingen unødvendige avstikkarar heller som eg kan oppfatte. Alt i alt var dei finfin underholdning.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
