Filmdagbok
ness
17-jun-2007

The Hustler (1961)

User Rating: 8.1/10 (13,375 votes)

The HustlerMeir Paul Newman og meir pengar på spel (eg såg «The Sting» i går) i biljarddramaet «The Hustler» frå 1961.

I shoot pool, Fats. And when I miss, you shoot.

«The Hustler» er ein lang film, men den køyrer stil over heile linja, og står heller aldri i ro. Roleg tek den det nok, men biljard, eller pool (eg er usikker på forskjellen når det kjem til norske nemningar) er ein presisjonssport. Eg hadde blitt skuffa om dette var sveisa saman på raskast mogleg vis.

Her er menn ekte mannfolk og alkoholen renn i strie straumar. Stemninga har eit tung sky hengande over seg som regissøren aldri prøver å gjere lettare for å glede dei som ev. skulle håpe på ein lykkeleg film. Det er stort sett dystert, men som Newman si rolle har filmen sjel og karakter. Som sportsfilm er det ikkje spenninga bak kampen som er viktig, det er personane og situasjonen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10