Filmdagbok
ness
24-jun-2007

The Departed (2006)

User Rating: 8.6/10 (105,146 votes)

The DepartedSom sikkert ein av dei siste til å sjå denne filmen har eg brukt søndagen på å hente meg inn igjen. «The Departed» kom i fjor haust, gjorde publikum glad og Oscarjuryen gavmild.

Martin Scorcese har henta inspirasjon i Hong Kong thrilleren «Infernal Affairs». Teknisk sett er det vel ein remake, men til mi glede forskjellig nok til at eg vel å ikkje føre ei samanlikning.

Statspolitiet i Boston sender ein mann undercover i eit gangstermiljø som Frank Costello (Jack Nicholson) styrer. Costello har sjølv ein spion i politiet. I «The Departed» jagar katt mus, men det er ikkje heilt enkelt å slå fast kven som er kva.

Filmen var diverre ikkje så perfekt som eg håpa den skulle vere. Marty har brukt for mange folk, namn som Alec Baldwin og Mark Walhberg» blir meir for synsskuld. Sistnemnte er heller ikkje spesielt passande i rolla si. Både Leonardo DiCaprio og Matt Damon gjer store prestasjonar. Eg kan ikkje forstå korleis folk klarar å blande desse to, dei er enkle nok å skilje for min del. I motsetning til dei tilsvarande rollefigurane i «Infernal Affairs», (men eg skulle ikkje føre noko samanlikning).

Filmen har element eg ser som unødvendig tidsfyll, og ikkje heilt kan kople opp til verken historie eller stemningskaping. Det blir hakket for langt på grunn av dette. Kameraføringa er så som så, den er til tider uryddig og usamanhengande i forhold filmen elles. Dette er berre pirk, og gjer ikkje stort utslaget i ein elles veldig god film. Det kunne ha vore andre vegen, om Scorcese hadde hatt minimal makt og eit studio hadde fått klyppt i hel filmen. Litt meir klypping hadde då heller ikkje skada.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Du må vere innlogga for å kommentere.