Filmdagbok
ness
30-jun-2007

The Great Escape (1963)

User Rating: 8.4/10 (33,745 votes)

The Great EscapeDei som har sett «Chicken Run» har eigentleg sett det som «The Great Escape har å by på, men utan Steve McQueen.

Midt under 2. verdskrig, ein stad ca. i Sør-Tyskland, ein ny fangeleir har opna. Her skal dei verste krigsfangane samlast, dei som har det med å forsøke og rømme. Flest britiske, men også eit knippe andre nasjonalitetar er samla. Men kva skjer når ein puttar dei mest rømningsglade fangane på same stad? Jo, gjett!

«The Great Escape handlar om forberedelsane til, stunda under, og etter ei storslått rømning. Filmen er i same ånd som den gjennomsnittlege 70mm-produksjonen, men er laga til/med/på (?) 35mm. Tatt situasjonen i betrakning er filmen for lystig og glad. Den hadde nok tent på å skape ei meir truverdig handling ved å tone ned litt på latter og glede.

Sjølve filmen er eigentleg ganske vakker å sjå på, med mange flotte bilde. Lydsporet sit som spikra (eg plystra på temaet fleire timar etterpå), men er også for lystig til denne krigsfilmen å vere. Så er den forutsigbar og ganske rett fram, eg er ikkje spesielt imponert over dette som skal vere ei av verdas mest populære filmar.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10