Filmdagbok
ness
16-jun-2007

The Sting (1973)

User Rating: 8.3/10 (37,185 votes)

The StingUheldig svindel blir til eit storkupp av ei hemn i denne Oscarvinnande filmen frå 1973. Heile 7 statuettar tok den med seg frå gildet.

Filmen spelar på lag med lovlause og glorifiserar bilde av svindlaren i forhold til anna ulovlegheiter og lova. Men filmen er ganske så rik på trådar og klarar å forvirre meg nok til at eg blir overraska på slutten.

Oppbygginga og dei einsidige fokuset mot ei houvdhistorie i filmen, der ingen delar ser ut til å vere overflødige, alt slikt er med på å gjere dette til ein god film. Lydsporet virka kjent og passar i 30-talsmiljøet, som gir inntrykk av å vere ekte på film.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
14-jun-2007

The Sopranos sesong 6

21 episodar.

SopranosDen første tv-serien som gjorde meg verkeleg interessert for tv-seriar er avrunda. Visstnok for godt denne gongen. Dei som har fulgt serien nokre år kjenner nok til dei opprinnelege planane om å avslutte etter både 4. og 5. sesong.

Sesong 6 har blitt sendt i to omgongar, der dei første 12 episodane rulla over skjermen på vårparten i fjor, og dei resterande 9 episodane nyleg har blitt sendt. Eg skreiv tidlegare om første del, viss innhald i teksten kan oppsummerast som hovudsakleg negativ. Det var bedrøvande og kjedeleg. Ein serie skal ha lov å utvikle seg, utforske nye måtar å uttrykke seg på. «The Sopranos» var lenge ein frisk serie som tydde til slike metodar, men beholdt alltid det vesle ekstra som gav dette giv. Dette forsvann så utover femte sesong, og kom ikkje tilbake før i dei siste episodane av sjette.

Eg må sei meg fornøgd med avrundinga, det var fleire gode episodar opp mot slutten. Dei avslutta verdig med å gå tilbake til det gamle tempoet. Forutan dette vil eg ikkje sei stort meir, men har ein blitt skuffa tidlegare vil nok det å fullføre løpet vege opp igjen litt.

 
ness
11-jun-2007

Romvesen med stålgebiss

I løpet av den siste tida har eg sett dei to første «Alien»-filmane av fem, om ein tel med «Alien vs. Predator». Om den høyrer til i serien kunne eg diskutert om eg hadde sett alle, men for denne gong slepp eg unna. For det var nok med dei to første i denne omgang. Det kjem eg tilbake til lengre nede.

AlienTidlegare har eg berre sett delar av «Alien» frå 1979, så det var på høg tide eg fekk sett heile, for eg har fått inntrykk av at den var både skremmande og god. Inntrykket stemte, den var skremmande god. Filmen klarar å halde ei nervøs stemning gjennom store delar utan å overdrive på spenninga. Mykje av dette er takka vere den minimale blottinga av romvesenet. Det er vel ingen tvil om at det usette er skumlare enn ein hær av romvesen som flyg over skjermen. Fantasien er meir effektiv enn spesialeffektar. Slik er «Alien». Den har óg sine begrensingar på spesialeffektar, sjølv om det er litt, så er det horroren og thrilleren som blir vektlagt. I motsetning til nummer to i rekka?

AliensJames Cameron tok over spakane når «Alien» blei til «Aliens» i 1986. Dette merkast tydeleg når det gjeld actionbiten. Militære i jakt på fleire romvesen har erstatta eit forsvarslaust mannskap i kampen mot eit enkelt. Pengar er pøsa på spesialeffektar utan at det har så mykje å sei for min del. Eg blei skuffa over den store forskjellen mellom desse to filmane, for eg hadde nok forventa meir pirking i nervetrådar enn det blei her. Litt er det altså, men det kjem sjelden i mellom dårlege punchlines og ein unødvendig skrikarunge som alt er med på å gjere filmen meir kommersiell. Som rein actionfilm er det vel ikkje det dummaste. Det fine med påkosta filmar frå denne tida er eit forfriskande fråver av dataanimasjon som me er vant med i dag. Her er det bøtter og spann med slim og sveitte, ingen steril sminkeromsaction eller pixelskapt dataspelmonster

Skal eg i heile tatt prøve å felle ein dom over det eg har sett så langt, må det bli som følgande: «Alien» tronar på toppen som ein film ein absolutt bør (må?) sjå, den har det som skal til for å bli klistra til stolen. Sin dose ekle saker, ei pressande stemning, og det ukjente som lurer. «Aliens» er ikkje dum den heller, men føles for lang. Her er det meir action, utan at det er fullstendig fråver av ekle eller nervøse scener. Plakatane talar i grunn godt for seg sjølv. På den første står det «In space no one can hear you scream», på den andre står det «This time it’s war». Eg har ikkje spesielt lyst til å sjå vidare i fare for at det fortset meir i den retninga.

 
ness
10-jun-2007

Goal II: Living the Dream (2007)

User Rating: 6.2/10 (530 votes)

Goal 2Andre del av fotballfilmserien «Goal» er ute i omløp. Etter å ha blitt positivt overraska av den første måtte eg sjå den.

Det tok ikkje lang tid før eg merka skuffelse breia innover meg. «Goal II» føles overfladisk og uekte. Dårleg skodespel merkast og er av og til på grensa til latterleg. Der filmen skal gjere seg bemerka, i form av spenning i kampens hete, mislykkast den.

Kva sit ein då igjen med? Ikkje mykje! Eg kjeda meg gjennom store delar av filmen, med unntak av eit par fine og sentimentale scener, som er filmen sine einaste lyspunkt. «Goal II» satte meg i tvil om kor god den første filmen eigentleg er. Men den hadde i det minste ei historie som utvikla seg, her står ting stort sett stille.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
08-jun-2007

TV samlepost #21

Afro Samurai

Afro SamuraiFor å gi eit bilde av potensialet til serien er eg nødt til å droppe eit par namn: Samuel L. Jackson og Ron Pearlman har stemmer (i den engelske versjonen eg såg). The RZA står for lydsporet. Serien er nydeleg animert, veldig detaljert og tydeleg, og full av fart. Karikaturar på vanlege animefigurar er tilstades og gir folk å knytte seg til. Det meste er i grunn fint med denne serien, heilt til det kjem til historieformidlinga. «Afro Samurai» kavar etter å få plassert årsakene til all slossing og ein god tråd gjennom. Det er fullt forståeleg det som skjer, men er for overfladisk til at eg blir vidare interessert. Det holdt med første av dei fem episodane som utgjer denne miniserien.

The Larry Sanders Show

The Larry Sanders ShowEin serie med lang fartstid på HBO (1992-1998) som kan minne om ei blanding av «Seinfeld» og «Curb Your Enthusiasm» (utan å trekke parallellar til Larry David spesifikk). Første episode var morsom i og for seg, men konseptet freista ikkje så mykje for tida. Me følger ein komikar med eit talkshow framfor og bak kamera, og dei relativt små problema han måtte støyte på. Dette er ein 30-minuttars serie, sjanger komedie og drama, utan latterboks eller fast publikum. Er ein på jakt etter noko som gir inntrykk av å vere smartare enn det eigentleg er, så vil eg tru (etter å ha sett ein episode) at dette er serien.

Hidden Palms

Hidden PalmsNy serie på The CW no i sommar. Eg har sett to episodar, men ikkje heilt bestemt meg for om eg vil sjå meir eller ikkje. Dette er tenåringssåpe lik «The O.C.», utan humoren. Eigentleg ingenting nytt å hente, men eg er ein sucker for drama, så dette er heilt kurant sommar-tv. Johnny har akkurat flytta inn i eit fint nabolag i Palm Springs, der ikkje alt er så idyllisk som på overflata. Han har sine demonar å halde i sjakk, og møter typisk nok utfordringar frå jamnaldrande. «Hidden Palms» hekta meg på den underliggande mystikken omkring skjebna til Eddie, som budde i huset tidlegare, men går litt sakte framover.

 
ness
06-jun-2007

Black Snake Moan (2006)

User Rating: 7.5/10 (3,418 votes)

Black Snake MoanDen forrige filmen til Craig Brewer, «Hustle & Flow», var overraskande bra. Det var heilt naturleg at eg måtte sjå «Black Snake Moan».

Samuel L. Jackson lever seg fantastisk bra inn i rollen som Lazarus og gjer med eit nydeleg soundtrack store delar av filmen. Ein dag dukkar den horete Rae (Christina Ricci) opp like ved huset hans, forslått og med trang for hjelp. Laz ser på det som si oppgåve, fått frå Gud, å hjelpe jenta på rett køyr igjen.

Filmtraileren (kan sjåast her) gav uttrykk for ein svart komedie med seksuelle undertonar, utan like. Filmen har desse ingrediensane, og Jackson hadde fleire vittigheitar som blei gullkorn frå hans munn, men det ligg meir til grunne for denne filmen. Forholdet som utviklar seg mellom Laz og Rae er nydeleg beskrive, og framstillinga av småbyen me befinn oss er med på å skape ein samansett atmosfære rundt filmen.

Det er ikkje til å komme utanom at filmen har eit par minus, heldigvis er dei relativt små. Lydsporet, som var ein av plussa ved filmen, er og ein av minusa. I blant tyr filmar til altfor utstrakt bruk av stemningssettande musikk, dette synst eg «Black Snake Moan» gjer óg. Men så må eg nemne at musikken on-screen, framført av Samuel L. Jackson, gjorde underverk. Det andre som eg tenkte å ta fram som minus er eg litt usikker på, men det skjer ikkje så mykje i filmen som eg hadde forventa. Men med vakker gjennomført stil og ei god stemning til er det kanskje ikkje nødvendig akkurat her?! Det hadde nok heller ikkje skada å kutte filmen med nokre minuttar.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
05-jun-2007

Entourage sesong 3

20 episodar.

Entourage sesong 3Med knappe 2 veker til neste episode kan vel siste episode knappt kallast ein skikkeleg sesongavslutning, i den forstand at det er snakk om ein episode utanom det vanlege. Pausen midt i denne sesongen var dessutan langt lengre.

«Entourage har gått jamnt og trutt. Ingen av episodane har skuffa, men gjort at eg gleda meg til neste. Det einaste som eg eigentleg kan sette fingeren på er den reduserte rolla til Jeremy Piven. Han har blitt litt for puslete etter kvart.

Johnny “Drama” er den karakteren som har vore mest synleg i denne runden, og slår an med eine kommentaren betre enn den andre. Gamet forblir filmbusiness, utan å bli repetivt og traurig for min del.

 
ness
03-jun-2007

High Noon (1952)

User Rating: 8.3/10 (19,150 votes)

High NoonI denne westernfilmen med Gary Cooper som nygifta og nyleg avgått marshall blir det klart at ein tidlegare bråkemakar ved namn Fred Miller er på veg tilbake til byen med toget kl 12.00.

Marshall Kane (Cooper) ser det som si plikt å stå i mot Miller, og brukar dei siste minuttane før møte til å prøve å overtale folk å vere med.

«High Noon» føregår tilnærma i sanntid, og blir meir og meir spennande etter kvart som tida går, og klimakset er sjølvsagt møte mellom Kane og Miller.

Før den tid er dette ei forteljing om ein mann som føler eit ansvar ovanfor byen som ingen andre ser ut til å forstå. Dei fleste er nok enige om at han er den beste marshallen byen har sett, men er ganske feige når det kjem til å bestemme seg på så kort tid.

Dette er ikkje den beste westernfilmen eg har sett, men klarar veldig godt å skape eit inntrykk av tid. Den tek ingen unødvendige avstikkarar heller som eg kan oppfatte. Alt i alt var dei finfin underholdning.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
02-jun-2007

Das Boot (1981)

User Rating: 8.4/10 (43,373 votes)

Das BootTo ting som eg finn vel verdt å nemne i forbindelse med denne filmen er som følgande: Grunna støy i ubåten er filmen opprinneleg dubba, til både tysk og engelsk. Eg såg den engelske versjonen, sjølv om eg alltid elles er i mot å sjå film på anna enn originalspråket (dette gjeld óg animasjonsfilm). Så er filmen nærmare 3t 20min lang, noko som førte til at eg såg filmen i tre etappar (morgon, ettermiddag, kveld).

«Das Boot» er ein tysk ubåtfilm satt til 2. verdskrig. Me følger mannskapet ombord i ein enkelt ubåt. Det handlar om situasjonen på ubåten, presset og den nervøse stemninga som påvirka så mange ulike folk med einaste felleseining at dei er på ubåten.

Her er det overraskande lite politikk og direkte kritikk av naziregimet til å vere ei så høgt annerkjent krigsfilm. Det er meir fokus på heltane våre, og som publikum strevar eg med eit ambivalent forhold til seinkinga av britiske kryssarskip. Kven kan nekte ein solid gjeng som ubåtmannskapet her ein opptur? Her ligg litt av styrken til filmen, at den ikkje ser så mykje på det store bilde om kven som er god og ond. Noko kritikk skin derimot igjennom her og der.

Stemninga som det miljøet på ubåten skapar gjer nok brorparten av filmen for min del. Rikt på inntrykk og veldig realistisk. Skittent, fuktig og trangt. Eg tenker ikkje ein gong på at det er eit filmsett, så realistisk føles det. Wolfgang Petersen har klart å få til alt som han mislykkast med i nyinnspelinga av «Poseidon».

Så er eg tilbake på det som eg snakka om innleiingsvis. Filmen tek seg god tid. Sjølv om eg ikkje prøvde å sjå den samanhengande vil eg anbefale den oppdelt. Det gir tid til å la personar, handling og miljø synke. Eg har ein idé om at dette heva inntrykket mitt av filmen, for eg ser ikkje på den som litt for lang eingong. (Det finst dessutan ein miniserieversjon på ca 5 timar).

Når det gjeld dubbinga må det seiast å vere noko av det beste eg har sett. Men det vil aldri bli naturleg å sjå tyskarar snakke engelsk. Det viktigaste var at stemninga forblei god her, og dubbinga øydelagte ingenting for meg der.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
01-jun-2007

Sløyfe på mai

Mai har vore ein fin månad, skulesituasjonen med to heimeeksamenar og notatar skrive gjennom semesteret har gitt nok fritid til å pløye gjennom eit hav av både film og tv-serie.

Sløyfe på mai

Det er sesong for avslutningar. Eg har fulgt med både fast og uregelmessig på ymse sidan i haust. I mai samla eg trådane, fullførte 6 seriar og samla desse i 2 “sesongavrundingsinnlegg”. Forutan dette har det blitt ein del korte britiske seriar. Eit skremmande høgt tal kjem altså i tillegg til dei nemnte 6: 10 tv-seriar. (Notat til meg sjølv: Mesteparten av «Rome» blei sett i april, halve «Twin Peaks

27 filmar har det blitt, der over halvparten har sin plass på øvre del av IMDb top 250. Her er det mange godbitar å hente, sjølv om det i blant dukkar opp ein og anna skuffelse. Både «The Treasure of the Sierra Madre» og «Sunset Blvd.» fall veldig godt i smak, og har blitt høgt verdsatt!!! Det skulle derimot ein anna vel ansett film, rett nok ikkje frå denne lista, til å skuffe. «Who's Afraid of Virginia Woolf?» gjekk til nøds!!

Eit par samlepostar har eg fått lire av meg. Den eine, Animert japansk surrealisme, er ei samling av tre korte anmeldelsar av Satoshi Kon-filmar. Den andre har zombie som eit fellestrekk, og går under tittelen Eit knippe levande døde. Til slutt vil eg trekke fram den andre gjesteanmeldelsen her på berget, Mario har sett WWE-filmen «The Condemned» og skrive om den her: Brutalt spill blant dødsdømte!