Arkivet til jul-2007

The Namesake (2006)

IMDb: 7.8/10 (2,859 votes)
«The Namesake skildrar tilblivelsen av ein førstegenerasjons indiske familie i USA. Ashoke Ganguli (Irfan Khan) har allereie teke doktorgrad der når han får seg ei kone i India som flyttar med han.
Flytteprosessen er ikkje enkel for nye fru Ganguli (Tabu), men etter kvart får ho barn å styre med. Heile vegen legg [...]

The Breakfast Club (1985)

IMDb: 7.8/10 (40,914 votes)
Når det kjem til high school drama / komediar er John Hughes ein av favorittregissørane mine, spesielt på grunn av «The Breakfast Club». Her samlar han kjente sterotypar (sportsidioten, nerden, m.fl.) i biblioteket til skulen, der alle er mot sin vilje.
Oppskrifta er den same som blir brukt i reality-tv, svært ulike personar [...]

Live Free or Die (2006)

IMDb: 5.6/10 (572 votes)
John «Rugged» Rudgate (Aaron Stanford) er ei legende for dei kriminelle handlingane i heimbyen sin. Rykta skal ha det til at han har drept ein mann, rykter han sjølv har planta. På utkik etter parternar han kan tene peng via blir han gjenforent med «Sped», Special Ed Lagrand (Paul Schneider), bekjent frå [...]

Zodiac (2007)

IMDb: 8.0/10 (26,723 votes)
Søndag kveld var det David Fincher som stod for underhaldninga i heimen. Regissøren bak «Se7en» og «Fight Club» har eit rykte å leve opp til, og når «Zodiac» attpåtil skulle vere 158 minuttar lang.
I løpet av den første delen av filmen blir det servert veldig mykje fakta, det skjer stadig tidshopp og [...]

Tonari no Totoro (1988)

IMDb: 8.1/10 (12,505 votes)
Ein stor bamse, ein liten bamse og ein minibamse. Naboane som familien Kusakabe får når dei flyttar inn i eit gammalt hus på landet er nokon merkverdige skapningar, men sjarmerande og koselege. Dessutan er det berre døtrene Mei og Satsuki som kan sjå dei.
Studio Ghbili har gitt oss mange godfilmar gjennom åra, [...]

Welcome to the Dollhouse (1995)

IMDb: 7.3/10 (8,799 votes)
Skeptisk til kva Todd Solondz skulle by på denne gongen gav eg meg i gong med filmskaparen sin andre film, ein dramakomedie frå 1995.
Solondz har det med å ta opp seriøse tema som ofte involverar barn, rare folk eller seksualitet, eller alle tinga samla. «Welcome to the Dollhouse handla om utskotet Dawn [...]

40 Days and 40 Nights (2002)

IMDb: 5.3/10 (15,654 votes)
Matt (Josh Hartnett) slit med psykiske problem forårsaka av for mange one-night-stands i forsøk på å gløyme eks-kjærasten som slo opp 6 månader i forvegen. Difor vel han, i tråd med katolsk kyrkjetradisjon å gi opp det han elskar i 40 dagar, nemleg sex og alt i nærheiten.
Naturleg nok møter han eit [...]

The Simpsons Movie (2007)

IMDb: 8.9/10 (5,607 votes)
Den spesielle amerikanske familien i «The Simpsons» har etter 18 år på tv fått sin eigen film. Store mengder med små klypp frå filmen har florert internett i fleire månader no, så det er ikkje å overdrive når eg uttrykker at den har vore svært etterlengta.
Umiddelbart innfridde ikkje «The Simpsons Movie. Eg [...]

Rebecca (1940)

IMDb: 8.4/10 (19,613 votes)
Eg stiller meg sjølv i ein mellomposisjon når det gjeld Alfred Hitchcock sin romantiske thriller frå 1940. Desto meir eg tenker over innhaldet, desto betre blir den. Men så er det småtinga som stadig held den tilbake.
På jobb/ferie i Sør-Frankrike møter ei ung og søt kvinne (Joan Fontaine) ein rik enkemann (Mr. [...]

TV pilotguide #1: College, Miami og forstadsdrama

Hausten er, ved sidan av våren, tid for å fokusere på tv-seriar. No er det rett nok ikkje haust endå, men eg har tjuvstarta med sommarens utval. I fjor såg eg stort sett pilotepisodar og gav meg der, problemet med det er at dei gjerne blir brukt til ei innføring, så korleis serien har tenkt [...]

Payback: Straight Up – The Director’s Cut (2006)

IMDb: 7.5/10 (488 votes)
Same historie, anna film. No har eg rett nok ikkje sett kinoversjonen av «Payback» på nærmare 6-7 år, men «Straight Up — the Director’s Cut» var godt forskjellig i frå det vesle eg hugsa. Ei samanlikning blir urealistisk å få til på sparket utan eit gjensyn med kinoversjonen, noko eg ikkje har [...]

Black Books sesong 1

6 episodar.
Bernard Ludwig Black driv ein mindre bokhandel i London. Han er inkompetent når det gjeld bokhald og generell orden, har ingen glede av kundane sine og er sannsynlegvis på godt veg til å bli eit alkoholisert, samfunnssky vesen. Uforståeleg nok er han venn med dama som driv nabobutikken, og så dukkar eks-rekneskapsførar Manny opp [...]

Cashback (2006)

IMDb: 7.5/10 (1,599 votes)
«Cashback» er ein visuelt appellerande film. Ispedd nydelege frosne bilde og sakte kino, utsnitt som fremhevar vakre detaljar og ikkje minst pene, kvinnelege formar. Alt dette glir naturleg inn i den varme, romantiske komedie Sean Ellis har laga. Ingen er hasta, det blir heller ikkje prøvd for hardt. Balansen mellom mindre og [...]

House sesong 3

24 episodar.
For tredje gong har «House vist seg å vere ein serie utan like. Lite visste eg når eg første gong såg serien at den geniale legen kunne skjule sine innerste tankar så godt over tid. Stadige plotlines over fleire episodar burde avsløre noko, og tross at me (som har fulgt serien) kjenner Dr. House [...]

28 Weeks Later (2007)

IMDb: 7.5/10 (14,322 votes)
Verken Danny Boyle eller Cillian Murphy, regissør og hovudrolle frå «28 Days Later… er på plass, men historia om eit virusinfisert Britannia lever vidare.
Oppfølgaren til suksessen frå 2002 handlar om ei gradvis oppbygging av London, med kontrollert tilflytting av tidlegare flyktningar. Militære har rimeleg god kontroll fram til verdens dummaste menneske kjem [...]

Disturbia (2007)

IMDb: 7.4/10 (11,450 votes)
Gled dykk, folk som er glade i ekte skrekkfilmar, og ikkje rein blotting av det groteske som i «Saw» eller dei få byksa i stolen som i «The Texas Chainsaw Massacre (remake).
«Disturbia» gjekk over all forventing. Med sine 105 minuttar var eg skeptisk til at ei gruppe ungdommar skulle kunne køyre løpet [...]

In the Land of Women (2007)

IMDb: 6.7/10 (1,850 votes)
Jon Kasdan er son til Lawrence Kasdan, regissør bak «Silverado» og «Wyatt Earp». I «In the Land of Women», som er junior sin første film som filmskapar (manus og regi), har han fått jobbe med to praktfulle skodespelarar: Adam Brody i sin første hovedrolle og Meg Ryan.
Brody spelar Carter, som vel å [...]

The Lord of the Rings: The Return of the King (2003)

IMDb: 8.8/10 (206,643 votes)
Tek eg ikkje feil er dette faktisk fjerde gongen eg ser filmen. Slikt gjer ein ikkje utan vidare. I denne forbindelsen var det faktisk pappa som fekk ei innføring i trilogien, så eg har også fått sett ca. halvparten av både einaren og toaren dei siste to vekene.
Alle tre held seg forresten [...]

Roman (2006)

IMDb: 5.9/10 (291 votes)
For første gong på ei god stund tok eg i dag ein råsjans ved å sjå ein relativt ny, smal, lågbudsjettsfilm som eg ikkje hadde høyrt om på førehand. Mest på grunn av Kristen Bell, men og fordi eg håpa å bli overraska.
Roman jobbar med sveising og denslags, har minimale, om kanskje [...]

The IT Crowd sesong 1

6 episodar.
Channel 4 sitcom om IT-staben av 3, deriblant 1 inkompetent kvinne, i eit britisk firma. Ingen genistrek, men sler likevel mange andre sitcomar med god margin. Chris Morris er (nesten) alltid artig og dukkar ofte opp i ein større gjesterolle her. Saman med nerdete datakyndige som aldri gjer noko fornuftig, blir «The IT Crowd» [...]