Tøffe typar i ville vesten
I eit billegsal av DVDar plukka eg meg ut tre filmar som alle var gitt under serietittelen The Ultimate Westerns Collection: «Pale Rider», «Jeremiah Johnson» og «The Outlaw Josey Wales». Det som kjenneteiknar og samlar desse tre filmane er at dei er av seinare tids westernfilm, om ein då set gullalderen til tider då John Ford styrte på som mest. Men rett meg om eg tek feil, western er ikkje mitt spesialfelt. Heller eit hav av uutforska og usette skattar (for å oversjå dei svakar titlane).
I «Pale Rider» dukkar Clint Eastwood opp i kjent skikkelse. Balansert og smart og med ei ukjent fortid. Ein liten gruvekoloni har problem med den lokale stormannen LaHood og som sendt frå oven dukka Clintern opp i presteskikkelse. Heller ikkje i «Pale Rider» har han noko namn. Forutan merke etter kulehol i ryggen er det ingenting bestemt som kan seiast om mannen. Ei overhengande mystisk fortid er vel så effektivt, kanskje meir, enn ei utgreiande historie for å rettferdiggjere ein persons handlingar, i filmsamanheng. Også sparar det oss for mykje fiksfakseri så fokuset på filmen si notid blir sterkare, om filmskaparen lykkast i vinklinga. Men tilbake til «Pale Rider». Dette er ein oppegåande film som held eit roleg tempo med unntak av nokre harde konfrontasjonar i blant, desse er på høgde med det beste westernpistolaction eg har sett og er svært underhaldande. Snakket i filmen har ei djubde og er ikkje berre der for å vere snakk, samt Clintern si rolle unngår å bli ein helt som skal ta alt i sine eigne hender fordi han har ein sans om kva som er rett og feil i samfunnet. Alle gode bitar som endar opp i ein god film.
«Jeremiah Johnson» er sagaen om ein fjellmann, spelt av Robert Redford. Jeremiah Johnson har bestemt seg for å leve på det naturen har å tilby ved jakt og fiske, og legg ut mot Rocky Mountains nesten utan kunnskapar om korleis ein skal overleve. Filmen skildrar dei situasjonane han hamnar i, folka han møter (indianarar deriblant) og viser læringskurva hans på truverdig vis. Me får eit godt omgrep av tiden, og det blir funne ein god balanse mellom at det blir brukt god tid, men at det likevel ikkje blir kjedeleg. Ein anna årsak til dette er at filmen er rik på opplevelsar, og ei fantastisk fin naturskildring. Den er spennande, lærerik og ektefølt. Men alt er ikkje fryd og gammen, etter eit visst punkt har filmen nådd toppen, og resten blir berre ei diffus vandring utan mål og meining. Det som starta så bra, bygde seg opp og holdt lenge på noko godt, snublar i seg sjølv mot slutten. Det var vel filmen, som forsåvidt også er veldig morosam innimellom, si einaste skuffelse i mine auger.
«The Outlaw Josey Wales» startar idyllisk, men denne idyllen blir fort broten og Josey Wales (Clint Eastwood) blir etter kvart ein lovlaus, med fleire folk i nakken. Det er likevel ikkje Wales som er skurken her, men soldatar og dusørjegerar. På flukt frå, om ein kan kalle det flukt, desse folka dannar me oss eit bilde av ein dyktig, avtrekkarglad, men rettferdig person. Innimellom, og då spesielt før filmen får verkeleg etablert seg, kan ein merke at ikkje alt sit som støypt. Dette forbetrar seg, og heilheitsinntrykket av filmen er alt anna enn negativt. Også skytescenene, dei er veldig fine, eller tøffe. Det meste klaffar eigentleg rundt ein velkjent Clint Eastwood-karakter, denne gongen med eit tydeleg namn. Filmen er forøvrig regissert av mannen i tillegg, dyktig som oftast.

Du må vere innlogga for å kommentere.