In the Land of Women (2007)
User Rating: 6.7/10 (1,850 votes)
Jon Kasdan er son til Lawrence Kasdan, regissør bak «Silverado» og «Wyatt Earp» (1994). I «In the Land of Women», som er junior sin første film som filmskapar (manus og regi), har han fått jobbe med to praktfulle skodespelarar: Adam Brody i sin første hovedrolle og Meg Ryan.
Brody spelar Carter, som vel å besøke bestemora for avveksling etter å ha blitt dumpa av kjendiskjærasten. Han glir fort inn i det nye miljøet ved at han blir kjent med naboen Sarah (Ryan) og døtrene hennar.
Vennskapa, småkompliserte som dei blir, fører til fleire lange og gode samtalar. Spesielt mellom Carter og Sarah, der kjemien nærast gnistrar på skjermen. Dialogen generelt gjer storparten av filmen, handlinga blir skyvd litt i bakgrunnen. Godt er dette, for det skjer ikkje all verden når ein ser filmen i heilheit. Og i bunn og grunn er jo dette eit romantisk drama. Snev av komedie finst det i form av Brody sin vante veremåte. Rolla Carter er som støypt for ungherren, og han får verkeleg vise kva han er god for.
«In the Land of Women» har vore mykje etterlengta i lengre tid for min del. Den innfridde både i enkeltscener og som heil film, og med det er eg fornøgd. Filmen er både filosofisk og søt, men prøver ikkje å preike på sjåaren noko livsvisdom eller moral med samtalane sine. Slikt gjer den likandes, svært likandes.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
