Disturbia (2007)
User Rating: 7.4/10 (11,450 votes)
Gled dykk, folk som er glade i ekte skrekkfilmar, og ikkje rein blotting av det groteske som i «Saw» eller dei få byksa i stolen som i «The Texas Chainsaw Massacre (remake).
«Disturbia» gjekk over all forventing. Med sine 105 minuttar var eg skeptisk til at ei gruppe ungdommar skulle kunne køyre løpet ut. Ungdomsfilmar i ein vidt definert skrekkfilmsjanger er ikkje dei mest originale no til dags.
Utgongspunktet er klassisk. Som resultat av ein hussarrest blir Kale (Shia LaBeouf) veldig opptatt av kva naboane driv med, og kjedsomheita utviklar seg til ein paranoia, der ein middelaldrande mann i nabohuset blir senter for merksemda.
Korleis det utviklar seg vidare er ikkje så nøye å nemne her, for enten vil du sjå filmen sjølv, eller bryr du deg lite. Hovudsaken er at dette, uansett utvikling, ligg høgt på lista mi over god underholdning i skrekkfilmar frå nyare tid.
Storparten av filmen utspelar seg før kjedsomheita vippar over til noko meir. Fleire filmar bommar ved at første delen blir tidsfyll før blodsutgytinga og denslags. «Disturbia» brukar tida på å etablere ungdommane i truverdige rollar, lagvis bygge mistankane opp ved å drive ei slags privatetterforsking utført av amatørar. Ein dose humor og kjærleik manglar det ikkje, men filmen mistar ikkje fokus på bekostning av slikt.
Som eit pluss heilt til slutt, ved sidan av dei gode vibrasjonane, og ikkje minst nervane filmen gav. David Morse er naboen i siktet her. Spesielt artig for meg (og ev. andre) som har sett han terrorisere House i «House over 6 episodar i tredje sesong.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Ble kjempeskuffet over denne filmen. Hadde så mange mangler. Typisk film for de yngre.
CC: Kva hadde du forventa som blei utelatt og utgjer dei mange manglane? Eg synst filmen var frisk og fokusert, og gjorde det lurt i å ikkje prøve å gripe om alt for mykje snikksnakk.
Har skrevet anmeldelse, legger den ut denne uken. Men en stor mangel er karakterdybde som er totalt utelatt, og slutten tyder på totalt idetørke, for den var elendig og kjedelig. Men David Morse en konge ;)
Ser fram til anmeldelsen :) Må jo innrømme at det er vel så artig, kanskje artigare, å lese anmeldelsar med andre synspunkt!
Ja, enige er vi ihvertfall ikke, men slik skal det være når det gjelder film :)