Cashback (2006)
User Rating: 7.5/10 (1,599 votes)
«Cashback» er ein visuelt appellerande film. Ispedd nydelege frosne bilde og sakte kino, utsnitt som fremhevar vakre detaljar og ikkje minst pene, kvinnelege formar. Alt dette glir naturleg inn i den varme, romantiske komedie Sean Ellis har laga. Ingen er hasta, det blir heller ikkje prøvd for hardt. Balansen mellom mindre og meir brukte vendingar er god. Ikkje alt føles like ferskt, ingen føles direkte gammalt.
Eg vil ikkje rope ut at dette er eit meisterverk, men den ligg godt mellom mainstream og dei verkeleg sære filmane, i eit sjikt eg gjerne ønskar film i frå. Romantikken var ikkje spesielt tiltrekkande eller avskrekkande. Saman med den enkle humoren blei det ein god miksture.
Filmen har ei forteljarstemme som set sit preg med god reflektering og fornuftig tenking. Den speglar filmen godt på at ingenting er svart/kvitt.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
