House sesong 3
24 episodar.
For tredje gong har «House vist seg å vere ein serie utan like. Lite visste eg når eg første gong såg serien at den geniale legen kunne skjule sine innerste tankar så godt over tid. Stadige plotlines over fleire episodar burde avsløre noko, og tross at me (som har fulgt serien) kjenner Dr. House meir no enn i starten, er det langt i frå klart kva som føregår i hovudet hans.
Ved sidan av å bevare mystikken rundt House, er formatet årsaka til at dette fortsatt fungerar, og vil fungere ei stund til. Det er ikkje til å fornekte at samanhengande seriar («Lost» og «24») er både vel og bra. Men med episodar som kan sjåast enkeltvis, og i blant djupare plotines som belønning for dei trufaste, så ligg «House til rette for kven som helst. Dessutan er serien smart, brukar sarkasme for alt det er verdt, og overraskar stadig med uforklarande avgjersler.
Ein heil sesong er hakket for lang. Tross overraskingar er oppskrifta i dei fleste tilfelle: “Ny pasient. Mange testar. Prøving og feiling så det susar. Rett behandling i siste liten.” Likevel, ein interessant serie, ingen tvil om det. Eg vil nok sjå fjerde sesong ein gong i framtida, og «House forblir den einaste sjukehusserien eg bryr meg om.

Du må vere innlogga for å kommentere.