Filmdagbok
ness
25-jul-2007

Black Books sesong 1

6 episodar.

Black BooksBernard Ludwig Black driv ein mindre bokhandel i London. Han er inkompetent når det gjeld bokhald og generell orden, har ingen glede av kundane sine og er sannsynlegvis på godt veg til å bli eit alkoholisert, samfunnssky vesen. Uforståeleg nok er han venn med dama som driv nabobutikken, og så dukkar eks-rekneskapsførar Manny opp og blir tilsett. Tre vidt forskjellige sjeler, alle godt eksentriske, er eit greitt utgongspunkt for ein serie som ligg nær «The IT Crowd» i både stil og humor .

Bokhandelen som blir samlingspunktet for sitcommen er eit evig kaos med ei rik atmosfære. Miljøet fungerar soleis ikkje berre som bakgrunn for samtalar, det er ein viktig del av inntrykket. Vitsane er i enklaste laget, men det er nok av dei til at det kjem fram ein passe dose med morsomheiter som slår an. Dessutan blir ikkje halve serien brukt til å danne menneskelege relasjonar og bygge opp drama, noko som gjer «Black Books» til lett kost.

 

Stengt for kommentering.