Filmdagbok
ness
25-jul-2007

Payback: Straight Up - The Director’s Cut (2006)

User Rating: 7.5/10 (488 votes)

PaybackSame historie, anna film. No har eg rett nok ikkje sett kinoversjonen av «Payback» på nærmare 6-7 år, men Straight Up - the Director’s Cut var godt forskjellig i frå det vesle eg hugsa. Ei samanlikning blir urealistisk å få til på sparket utan eit gjensyn med kinoversjonen, noko eg ikkje har planlagt i næraste framtid, så det får bli med dei kalde fakta frå ein medfølgande dokumentar.

Borte er det blåtona bilde, DC er rik på fargar og kontrastfylt. Vittigheitene er borte vekk, nokre kalde scener er lagt til, så det er ikkje snakk om ein lysare film, tvert i mot. Regissør Brian Helgeland sin visjon om ein film med 1970-talsstil er resultatet.

«Payback» - Director’s Cut er ein tøff og målretta film. Men den er ikkje overdreven actionhelttøff. Drastiske val av scener gjer det til ein Mel Gibson-film utanom det vanlege. Ein frisk opplevelse og ein absolutt fornøyeleg film. Dessutan er den på like under 90 minutt. Kompakte filmar er ei fin avveksling.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
Captain Charisma har sagt:

Payback er en liten favorittfilm, men foretrekker den første utgaven. Denne ble for daff og manglet gnist når man sammenligner den mot den første utgaven, og mangler Kris Kristofferson. Han er jo sjefen i Payback.

ness har sagt:

Kris Kristofferson har eg ingenting til overs for, men trur faktisk eg likte den første betre den gongen eg såg den - enn DC når eg nyleg såg den.

Eit eller anna med førsteversjonen har fått meg til å stadig kople den mentalt med Max Payne (spela) i ettertid, eit av mine favorittspel. Eg fekk ikkje same følelsen med DC, og det sakna eg.

Jacob har sagt:

Det som ødela for Helgeland var at han skrev inn et hundedrap. Det ble for mye for studioet som klipte til sin egen versjon.

ness har sagt:

Det virka heller ikkje positivt inn at Helgeland hadde med ei scene der Gibson slår D.K. Unger.

Eg fekk respekt for Helgeland etter dette, han står både for sin eigen visjon og har ei forståelse for studio sin tankegang. Såleis blir han ingen sell-out, men heller ein realist i mine auger.

Jacob har sagt:

Historien om han og Richard Donner er fin.